Aft charging in the Ulstein full electric PSV

Utvikling av eit fullelektrisk forsyningsfartøy for offshoreenergi

Som eit svar på behovet framover for grøn og nyskapande forsyningstonnasje, har Ulstein brukt ein holistisk designtankegang for å finne det beste treffpunktet mellom naudsynt kapasitet og reduserte utslepp. Det leia til utviklinga av vårt første fullelektriske forsyningsfartøy for offshoreenergi-marknaden.

Published
31 mai 2023
Share

Marknaden for offshoreenergi (olje, gass og vind) vil leve side om side i åra som kjem, og flåten bør reflektere dette. Vi ser ein auke i etterspurnaden etter supplyskip framover, og framtidige skip vil vere annleis enn tradisjonelle løysingar.

Veksten i havvind har ført til ei marknadsendring. Miljøreglane er strengare, og teknologien har utvikla seg. Byggje- og driftskostnader må reduserast.

Rett dimensjonering gjer nullutsleppsoperasjonar mogleg

Tanken om rett dimensjonering har vore drivaren for å utvikle eit fullelektrisk fartøy for offshoreenergi-marknaden. Riktig dimensjonering er ei heilskapleg tilnærming der ein vurderer hovudparametrar, skrogdesign, dekksareal, lastekapasitet og dødvekt, og dessutan lugarkapasitet.

 

Crew transfer in the Ulstein full electric PSV

Skrogdesign og dekksareal

Skroglinjedesignet TWIN X-STERN er utgangspunktet for designet på grunn av dei energireduserende fordelane i DP-operasjonar (Dynamisk Posisjonering) og fleksibiliteten når skipet skal manøvrerast. Eit mellomstort dekksareal på 760 kvadratmeter er ideelt for å unngå unødig straumforbruk utan at det går ut over supplybehova.


Marknadsutviklinga på logistikk viser at det vil vere meir behov for dekkslast og mindre flytande last framover.

Portside aft view of the Ulstein full electric PSV

Innreiing, fjernstøtte og arbeid på dagtid

Skipet har berre plass til sju personar totalt, for å redusere både mannskapskostnadene og storleiken på fartøyet. Filosofien er å bruke fleire fjernstøttesystem på land, og ved forsyning til område som ligg nær land er det mogleg å gjennomføre arbeid på dagtid. Ved å redusere talet personar om bord på eit fartøy vil energiforbruket bli redusert, hotellasta vert minimert og også den totale storleiken til skipet.

Batteri tekne i bruk

Med rett storleik på skipet, kombinert med den siste utviklinga innan batterisystem, kan fartøyet operere på batteristraum i 3+3 timars transitt, 3 timar i DP og 3 timar i standby. Viss ein tek ein i bruk offshore-ladeløysingar, kan den operative rekkevidda auke ytterlegare. Skipet inneheld rekkeviddeforlengarar med fleksibel drivstoffteknologi som kan utvide rekkevidda og som også fungerer som eit redundanskraftsystem.


Framtidige operasjonar

Konseptdesignet inkluderer ein VTOL (Vertical Take Off and Landing) tungløftsdrone for trygge løfteoperasjonar og ei moglegheit for å få på plass ein offshorelandgang eller personelltransportsystem. Vidare kan ein framover legge til eit handteringssystem for inspeksjonsdronar og større lastedronar.

Ulstein has developed a full electric PSV

Get in touch

Geir Heltne DSC4460 comp bw

Geir Heltne

Description
Sales Manager
Affiliation
Ulstein Design & Solutions AS

Latest news

Orient Adventurer inclining test 1
Oppdatering

Krengeprøve gjennomført på Orient Adventurer: Ettermarknadstenester som gjer fartøy klare for nye roller

Ombygging og remobilisering av fartøy krev meir enn teikningar og utrekningar. Nyleg arbeid på Orient Adventurer, som no blir førebudd for kabellegging, viser kor avgjerande inngåande kunnskap om fartøyet si operasjonelle historie er for å kunne levere sikre, klassegodkjende løysingar. Gjennom ettermarknadstenestene til Ulstein støttar vi komplekse skipsoppgraderingar med ingeniørkompetanse innan stabilitet og vekt. Det inkluderer planlegging og gjennomføring av krengeprøver for ombyggings- og levetidsforlengingsprosjekt.

Ettermarknad
Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann029
Artikkel

Redningsøving utanfor Lofoten: Naudslep av MS Spitsbergen

Tysdag 24. mars blei ei omfattande redningsøving gjennomført i havet utanfor Lofoten der eit nytt naudslepesystem for skip vart testa. Cruiseskipet MS Spitsbergen med 150 passasjerar om bord, Kystvaktskipet KV Barentshav og 330- skvadronen sitt redningshelikopter SAR Queen deltok.

Skipsdesign