Windea Leibniz DJI 0940 uavpic com

Windea Leibniz-oppgraderinga er fullført

4. februar 2023 vart arbeidet med oppgraderinga av Windea Leibniz fullført ved Ulstein Verft. Med ein auke på lugarar frå 60 til over 80 vert SOV-skipet no rekna som ein CSOV. I tillegg har verftet installert ein ekstra pidestall for operasjonar i Østersjøen, i tillegg til ein justerbar pidestall for Nordsjøen.

Publisert
06 februar 2023
Del

Oppgraderinga utvidar operasjonsområdet til Windea Leibniz og gjer henne endå meir attraktiv for offshoremarknaden. Windea Leibniz er no eit serviceskip i havvindindustrien som også kan utføre utvida støtte til kommisjonering.

Auke i overnattingskapasiteten

Oppgraderinga inkluderer ein auke på overnattingskapasiteten om bord. Dette gjer at det også var vore utført omfattande ombygging av garderobar/tørkerom, konferanserom og dagrom. Totalt vart lugarkapasiteten auka frå 63 til 81 lugarar. Windea Leibniz kan no ha om bord opp til 85 teknikarar for vindparkar, servicepersonell og mannskap.

Høgdejusterbar sokkel

Ein annan viktig milepåle var installasjonen av ein ny høgdejusterbar pidestall for den rørslekompenserte gangvegen, noko som gjer fartøyet meir fleksibelt i havvindparkar. No kan gangvegen operere i eit område mellom 17,5 og 23 meters høgd over havoverflata.

Windea Leibniz after the conversion from an SOV to a CSOV. Photo: uavpic com.

Meir fleksibilitet for utplassering i ulike vindparkmarknader

Då Bernhard Schulte Offshore bestemte seg for å installere ein ekstra pidestall akterut, var det fordi knapt nokon andre havvindservicefartøy som opererer i dag kan ta på seg oppdrag både i Østersjøen og Nordsjøen. I Østersjøen er serviceplattformene generelt plassert lavare enn i Nordsjøen. Den eksisterande gangvegen til skipet kan brukast på begge pidestallane.

- Med dei to nye pidestallane er vi meir fleksible når vi nærmar oss vindturbinane. Det er ingen einheitleg standard for høgda på plattformene i vindparkane i Nordsjøen. Etter oppgraderinga kan vi no variere høgda på gangvegen vår, og bytte frå den eine pidestallen til den andre, noko som gjer oss endå meir fleksible når vi jobbar i ulike vindparkregionar. Dei nye lugarane gjer at vi kan ta i mot fleire teknikarar om bord. Alt dette gjer Windea Leibniz attraktiv i CSOV-marknaden, seier Rainer Müller, som er kaptein på Windea Leibniz.

Strukturelt arbeid på design og engineering

Ulsteins designarar og ingeniørar har vore involverte i det strukturelle forarbeidet, som mellom anna inkluderer forsterking av brua for å kunne bere den nye landgangen som no kviler på brutaket. Området rundt pidestallen måtte også styrkast.

Oppgraderingane har gjort eit kapabelt fartøy endå meir allsidig

- Dei nye oppgraderingane gjer at eit svært kapabelt fartøy har vorte endå meir allsidig. No er Windea Leibniz meir fleksibel og attraktiv for marknaden. Oppgraderinga var perfekt planlagd og gjennomført av Ulstein, og eg ynskjer å takke alle dei involverte i dette flotte prosjektet, seier Matthias Müller, som er administrerande direktør i Bernhard Schulte Offshore.

Windea Leibniz with Ulstein Verft in the background, photo: uavpic com.
Windea Leibniz etter oppgraderinga, med Ulstein Verft i bakgrunnen.

Om Windea Leibniz

Windea Leibniz er eit ULSTEIN SX175-design frå Ulstein Design & Solutions AS og vart levert som nybygg frå Ulstein Verft i 2017. Skipet har X-STERN og X-BOW for auka komfort og redusert støy og vibrasjonar, og er Ulstein sitt X-BOW-skip nummer 100.

Windea Leibniz er no ferdigstilt til å støtte den planlagde havvindkraftutvklinga i Nord-Europa. Fartøyet fungerer som ein påliteleg og miljøvennleg plattform for vindparkdrift og vedlikehaldsstøtte, teknikarinnkvartering og transport, og vil syte for sikker og påliteleg tilgang til offshoreinstallasjonar.

Medan SOV er ei mykje nytta forkorting for 'Service Operation Vessel', varierer innhaldet av C-en i forkortinga CSOV. I 'Windea Leibniz' sitt tilfelle står C-en for Commissioning.

Ta kontakt

Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Beskrivelse
Sales Manager Aftermarket
Tilknytning
Ulstein Verft AS
DSC4827 comp bw

Roy Lindset

Beskrivelse
Manager service dept.
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Konseptdesign ULSTEIN THOR
Artikkel

Stor interesse for det Thorium-drivne fartøykonseptet ULSTEIN THOR

Etter lanseringa av skipskonseptet i april 2022, har marknaden vist ei enorm interesse for potensialet og kapasiteten til den Thorium-drivne ULSTEIN THOR. I ein polarcruisesamanheng kan ULSTEIN THOR åleine generere over 50 GWh energi i ein 150-dagars cruisekampanje. Det sparer meir enn 32 000 tonn i CO2-utslepp og vil kunne føre til ein betydeleg reduksjon av miljøavtrykket.

Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Sales Manager Aftermarket

Tilknytning
Ulstein Verft AS
DSC4827 comp bw

Roy Lindset

Manager service dept.

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS