Yno 126 - Tender Clipper

B.nr. 126 - Byggeår 1974. Rederi: Wilhelmsen Offshore Services, Oslo. Bygd ved Ulstein Hatlø A/S avd. Hatlø

  • Lengde: 81,0 m 
     
  • Bredde: 18,0 m 
     
  • Brutto tonnasje: 1375 tonn 
     
  • Dødvekt: 2600 tonn 
     
  • Fart: 14 knop 
     
  • Hovedmotorar: MaK 2 stk., totalt 4000 Hk 
     
  • Skipstype: Forsyningsskip / Pipe carrier 
     
  • Andre skipsnamn: "Far Clipper", "Cory Chouest"

 


HISTORIE: 
1978 Ombygd ved Kristiansand Mek. til Fire Fighting / Stand by / Rescueskip. 
1986 Seld til Farstad i Ålesund og fekk namnet "Far Clipper". 
1987 Seld til Edison Chouest, New Orleans, USA og fekk namnet "Cory Chouest". Då båten blei seld og skulle segle til USA, kom båten først til avd. Hatlø for overhaling. Det vart brent hol i dekk og begge hovedmotorane vart teke ut. Deretter vart dei sendt med trailer til Tyskland for reparasjon. Det var eit "blanda" amerikansk mannskap som segla båten over. Det første som skjedde då dei kom utfor Runde, var at dei mista heile ankerkjettingen med anker og det heile. Kjettingen var ikkje ordentlig avlåst. Då dei kom til den Engelske Kanal, losna det eine roret. Dei kom seg endelig til Plymouth. To mann frå Ulstein reiste nedover og sveisa roret fast til rorstammen. Dei kom seg velberga over havet. Båten blei ombygd til seismikk / overvåkningsfartøy etter ankomst til USA. 
2016: Fortsatt aktiv - IMO 7382536