Yno 133 - Stad Sky

B.nr. 133 - Byggeår 1975. Rederi: Stad Shipping, Ålesund. Bygd ved Ulstein Hatlø A/S avd. Ulstein. Gudmor: Ellentina Eldrup.

  • Lengde: 64,55 m 
     
  • Bredde: 13,83 m 
     
  • Brutto tonnasje: 497 tonn 
     
  • Dødvekt: 1200 tonn 
     
  • Fart: 16 knop 
     
  • Hovedmotorar: 2 stk. Nohab Polar Diesel, totalt 7040 Hk 
     
  • Skipstype: Ankerhandling / Forsyningskip 
     
  • Skipsdesign: UT 704 
     
  • Andre skipsnamn: "Far Sky", "Pan Sky", "Ocean Sky"

HISTORIE: 
1986 Båten skifta namn til "Far Sky". 
1989 Utflagga til Panama. 
1990 Seld til Pan Offshore og båten skifta namn til "Pan Sky". 
1992 Båen fekk eigarar frå Tyskland. 
1993 Båten fekk eigarar frå Norge. 
1994 Båten fekk eigarar frå Hong Kong. Heile tida var den registrert i Panama. 
1995 Båten skifta namn til "Ocean Sky" og ny eigar vart Sartor Shipping i samarbeid med Rovde
1996 Bygget om til beredskapsfartøy på Myklebust Verft. Skipet gjekk deretter inn på kontrakt med Norsk Hydro. Etter ny ombygging med FIFI 2 og Oilrec, blei skipet leid ut til Statoil på Statfjordfeltet.
2000 Starta på ein 15 års kontrakt med Norske Shell og blei på Draugen heile denne perioden.
2008 Båten overført til Atlantic Offshore, Ågotnes.
2015 Lagt i opplag etter endt kontrakt.
2016 Seld til Seramar SARL, Elfenbenskysten og er registrert i Djibouti. Båten opererer i Vest-Afrika.
2017: Fortsatt aktiv - IMO 7400807