Yno 42U - Lorena Horn

B.nr. 42U - Byggeår 1967. Rederi: AS Lorena & Co., Lysaker. Bygd ved Ulstein Mek. Verksted A/S

Yno 42 Lorena Horn

Lengde: 75,60 m 
 

Bredde: 11,61 m 
 

Brutto tonnasje: 497 / 1331 tonn 
 

Dødvekt: 1004 / 2500 tonn 
 

Fart: 14 knop 
 

Hovedmotorar: Caterpillar, 2 x 800 Hk 
 

Skipstype: Lastebåt / frysebåt 
 

Andre skipsnamn: "Lorena", "Delma 
 

Queen", "Hisham", "Kim's Marine no. 115", "Afco 106"

 


 


HISTORIE: 
Frå lokalavisa 'Vikebladet' 9. februar 1967:

Imorgo, fredag skal Ulstein mek. Verksted overlevere sitt byggenr 42, som er bygget som open/lukket shelterdecker med 2 gjennomgåande dekk. Skipet har heilsveist skrog, bygget på tverrspant, med bulkbaug, og platthekket dekk. All innreiing er utstyrt med varmluft-ventilasjon. I det heile er det eit prektig og solid båtbygg Ulstein mek. Verksted leverar frå seg, og dei vil sikkert få mykje hederleg omtale av dette nybygget.

1970 Omdøypt til "Lorena". 
 

1972 Seld til New Zealand. 
1976 Seld innan New Zealand. 
1981 Seld til Abu Dhabi og omdøypt til "Delma Queen". 
1987 Seld til Ahmed Abdullah, Panama og omdøypt til "Hisham". 
1988 Seld til Kim's Mariene Fisheries, Panama og omdøypt til "Kim's Marine no. 115". 
1990 Seld til Afko Fisheries, Ghana og omdøypt til "Afko 106".
2017: Fortsatt aktiv - IMO 6704282. Eigar og driverselskap er Afko Fisheries, Tema, Ghana. 
Flagg: Takoradi, Ghana

IMO 6704282