Yno 67 - Sinader

B.nr. 67 - Byggeår 1972. Rederi: Tscudi & Eitzen, Oslo. Bygd ved Ulstein Mek. Verksted A/S

Yno 67 Sinader
  • Lengde: 47,70 m 
     
  • Bredde: 10,80 m 
     
  • Brutto tonnasje: 493 tonn 
     
  • Dødvekt: 450 tonn 
     
  • Bollard pull: 67,5 tonn 
     
  • Fart: 15 knop 
     
  • Hovedmotorar: 2 stk. Nohab Polar Diesel 
     
  • Effekt totalt: 5600 Hk 
     
  • Skipstype: Taubåt 
     
  • Skipsdesign: UT 505 
     
  • Andre skipsnamn: "Sable Cape"

 


HISTORIE: 
Ved "Sinaders"' levering hausten 1972, hadde Shell Canadian Tankers ein stor tankbåt liggande inst inne i Hudson Bay ved Buffinland. Denne hadde mista roret og var i fare for å fryse inne for vinteren. Dei store hollandske bergingskompania takka nei til jobben. "Sinader" tok jobben. Den baska seg igjennom isen og henta tankaren og taua den til Norfolk, Virginia USA. Rederiet og mannskap fekk etter vel utført jobb, telex frå hovedkontoret til Shell med takk for ein strålande jobb. Elles hadde "Sinader " mange oppdrag rundt om i verden. mellom anna mykje av dei store lekterane til rederiet.

 

1978 Seld til Panama og skifta namn til "Sable Cape". 
1978 Øydelagd og sokk i Stillehavet etter ein brann i maskinrommet. Båten var på reise frå Honolulu til Panama då ulukka var ute. Årsaken: over-temperatur i ein smøreoljeledning. Båten sank i posisjon 19o3N - 150o53V.
IMO 7234466