ULSTEIN SX221 SOV design for James Fisher.

James Fisher-gruppering satsar på innovativt SOV-konsept med TWIN X-STERN®

James Fisher and Sons plc annonserer eit samarbeid om konseptet ‘Diamond SOV’ basert på ULSTEIN SX221-designet, eit TWIN X-STERN® serviceoperasjonsskip (SOV) for havvind. Konseptet skal støtte Storbritannia sitt mål om 50 GW havvindenergi innan 2030.

Publisert
21 juni 2022
Del

Konseptet er resultatet av eit omfattande samarbeid i ‘Diamond consortium’, som er sett saman av dei fire maritime industrileiarane James Fisher and Sons plc, Ulstein Design & Solutions AS, DnV og Graig.
 

Konseptet er eit framtidsretta design for å møte den auka etterspurnaden etter SOV-ar, redusere dei utjamna energikostnadene (levelized cost of energy) og levere på høgt nivå innan driftssikkerheit, komfort og berekraft. Konseptet skal støtte Storbritannia si forsyningskjede på havvind og landet sin nullutsleppsstrategi.

Ulstein sitt TWIN X-STERN®-design kan forklarast som eit skip med to akterendar og fire hovudpropelleiningar. Dette forbetrar det operasjonelle vindauget og gjer fartøyet ideelt for drifting av havvindparkar. I tillegg vert komforten auka som følgje av redusert støy, noko som har høg verdi for mannskapet og teknikarane som oppheld seg om bord. Med høg yting i begge retningar, gjer funksjonaliteten til TWIN X-STERN at talet på transporterte teknikarar per dag aukar, i tillegg til at drivstoffkostnadene per overføring vert reduserte.

- Vi valte å gå med ULSTEIN på grunn av referansane deira på suksessfulle, innovative skipsdesign. Vi meiner at TWIN X-STERN er det beste valet for serviceoperasjonar på offshorevindparkar. Filosofien bak konseptet har blitt brukt med suksess på andre fartøysegment i mange år, nemleg å utvikle ei grad av detaljering som møter eit marknadsbehov samtidig som det opnar for ei stor grad av tilpassingar og konfigurasjonar for individuelle eigarar og utviklarar.

Jim Hey
konserndirektør for forretningsutvikling, James Fisher

 

Stordriftsfordelar

Ved å sette berekraft i fremste rekke vil konseptet løyse utfordringane i forsyningskjeden med ei skalerbar, modulær løysing. Dette kan ein oppnå gjennom serieproduksjon med høgt volum for å møte vindfarmutviklarane sine tids- og budsjettrammer.

- Å bygge SOV-ar i seriar gir betydelege stordriftsfordelar og designet kan bli bygd på fleire verft samtidig. Etterspurnaden etter SOV-ar i Storbritannia og elles er venta å auke mot slutten av tiåret, og dette spennande nye konseptet plasserer Storbritannia i sentrum for å verkeleggjere globale havvindambisjonar, forklarar Jim Hey.

 

Oppfyller miljømåla

- Vi har hatt eit fruktbart samarbeid med DnV i mange år gjennom Diamond-forretningsmodellen som vert leia av Graig, seier Hugh Williams, administrerande direktør, Graig Shipping PLC. - Vi brukar no denne skalerbare strategien på dei globale havvindmarknadene med eit spesielt fokus på britisk farvatn, og bidreg med dette til å møte miljømåla som ligg føre oss.

Diamond Consortium er for tida i diskusjon med store verftsgrupper for å nå spesifikasjonane i samarbeid med utvalte kundar, med sikte på ferdigstilling av det første fartøyet innan utgangen av 2024.

 

Moglegheitene i digitalisering og berekraft

– Med større turbinar som vert installerte lenger ute på havet, vil fartøyet og mannskapet reise lengre avstandar og arbeide over lengre periodar i tøffare miljø, seier Arnstein Eknes, segmentdirektør, Special Ships, DnV. Han held fram:

- Moglegheitene som ligg i digitalisering og introduksjon av berekraftige løysingar, saman med høg operabilitet, er avgjerande for neste generasjon SOV-ar. Det er grunnen til at vi er begeistra over å fronte utviklinga av smarte notasjonar og tenester som ligg i dei nye løysingane for denne neste-generasjons serviceoperasjonsskip - ULSTEIN SX221 Diamond SOV.

 

Siste teknologi innan havvind

Lars Ståle Skoge, kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions AS kommenterer:

- Vi set stor pris på at designet vårt har vorte valt for dette prosjektet. Vi er glade for å kunne bidra med vår nyaste teknologi til den veksande havvindmarknaden. Det å kunne vere i stand til å levere på utsleppsmål og operasjonsevne blir stadig viktigare når kontraktar for service av havvindparkar skal bli tildelte.

Dei prisvinnande designa til Ulstein Design & Solutions har fleire gongar vist seg å vere konkurransefortrinn for reiarlaga. Det nye ULSTEIN TWIN X-STERN-konseptet forbetrar manøvreringsevna, rørslene i skipet og evna til å halde seg i posisjon, eigenskapar som gjer TWIN X-STERN ideell for service av havvindparkar.

Ta kontakt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468
Oppdatering

Sjøsetting av Douglas Mawson

28. november 2024: Ekspedisjonscruiseskipet 'Douglas Mawson', eit ULSTEIN CX103-design, har vorte sjøsett ved CMHI-verftet i Kina. 

Douglas Mawson er eit X-BOW-skip som gir god komfort for passasjerane med ein romsleg salong i baugen og panoramautsiktsområde. Skipet oppfyller stabilitetskrava til Solas 2020, og har innreiing til 300 personar.

20241005 Olympic Notos OCLIN 19 MARTIN GISKEGJERDE
Artikkel

Store drivstoffinnsparingar med dei første CSOV-skipa med Ulstein sitt TWIN X-STERN®-konsept

Olympic er ein pioner i offshore-energisektoren. Med ein sterk fokus på berekraft har dei fleire gongar tatt kommersiell risiko ved å satse på nye fartøykonsept. Den seinaste investeringa i to nye havvindskip av typen 'Construction Service Operation Vessel' (CSOV), baserte på Ulstein Group si innovative TWIN X-STERN®-løysing, viser at ei slik satsing løner seg. Reiarlaget kan syne til reduksjonar i drivstofforbruk og utslepp på nær 50 prosent, i forhold til seglande CSOV-ar.

20241005 Olympic Notos OCLIN 11 MARTIN GISKEGJERDE
Pressemelding

Ulstein har levert CSOV-fartøyet Olympic Notos til Olympic

Ulstein leverte havvindskipet Olympic Notos til Olympic den 13. november 2024. Dette toppmoderne fartøyet markerer ein viktig milepåle innan maritim innovasjon og yting. Skipet er eit serviceskip av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV). Som følgje av resultata frå søsterskipet, Olympic Boreas, seier reiarlaget at skipa "opererer med tett på 50 % reduksjon i drivstofforbruk samanlikna med andre seglande CSOV-ar."

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS