Maats utstyr Nexans Aurora 2

Lossing av dekksutstyr til Nexans Aurora

I løpet av eit par hektiske dagar har heile 197 løft med dekksutstyr til kabelleggingsskipet Nexans Aurora vorte løfta på land ved Ulstein Verft. Det største enkeltløftet var ein kabel-capstan som åleine veg 176 tonn.

Publisert
23 juni 2020
Del
  • Capstanen vert løfta på land med hjelp av tungløftsavdelinga si beltekran.
  • Eitt av dei to leggehjula i ferd med å bli lossa. Leggehjula skal monterast akter i skipet.

Kabelleggingsskipet Nexans Aurora er eit stort og kompakt skip. Med sine 149,9 meter i lengde og 31 meter i breidde har det ei dødvekt på heile 17 000 tonn. Det er dimensjonert for å kunne handtere store mengder undervasskablar.
 

15. juni kom skroget av Nexans Aurora fram til Ulstein Verft. Nokre dagar seinare kom eit lasteskip til verftet, denne gongen med mange hundre tonn dekksutstyr som etter kvart skal installerast om bord i kabelleggaren. Tungløftsavdelinga ved Ulstein Verft har ei mobil kran som kan løfte heile 600 tonn, så det baud ikkje på store problem å få på land den 176 tonn tunge capstanen frå Maats Tech Ltd. Denne har som funksjon å halde strekket i kabelen når han vert lagt på havbotnen.


 

Siste nytt

Orient Adventurer inclining test 1
Oppdatering

Krengeprøve gjennomført på Orient Adventurer: Ettermarknadstenester som gjer fartøy klare for nye roller

Ombygging og remobilisering av fartøy krev meir enn teikningar og utrekningar. Nyleg arbeid på Orient Adventurer, som no blir førebudd for kabellegging, viser kor avgjerande inngåande kunnskap om fartøyet si operasjonelle historie er for å kunne levere sikre, klassegodkjende løysingar. Gjennom ettermarknadstenestene til Ulstein støttar vi komplekse skipsoppgraderingar med ingeniørkompetanse innan stabilitet og vekt. Det inkluderer planlegging og gjennomføring av krengeprøver for ombyggings- og levetidsforlengingsprosjekt.

Ettermarknad
Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann029
Artikkel

Redningsøving utanfor Lofoten: Naudslep av MS Spitsbergen

Tysdag 24. mars blei ei omfattande redningsøving gjennomført i havet utanfor Lofoten der eit nytt naudslepesystem for skip vart testa. Cruiseskipet MS Spitsbergen med 150 passasjerar om bord, Kystvaktskipet KV Barentshav og 330- skvadronen sitt redningshelikopter SAR Queen deltok.

Skipsdesign