Seaway Alfa Lift transporting

Seaway Alfa Lift er levert

Seaway7 sitt nye tungløftskranskip, Seaway Alfa Lift (CMHI-207), har forlate Kina etter leveringa frå  verftet China Merchants Heavy Industry (CMHI) i Haimen.

Publisert
05 juli 2023
Del

Utstyret for handtering av monopålar er framleis den kritiske delen for at skipet skal kunne operere med installasjon av fundamentpålane. Hovudelementa til dette utstyret starta transporten frå Kina mot slutten av 2022. Seaway Alfa Lift skal no til Europa, der utstyret skal fullførast og bli tatt i bruk.

Det halvt-nedsenkbare fartøyet er eit kundetilpassa design frå Ulstein. Dette designet kombinerer fordelane med eit halvt-nedsenkbart transportfartøy og ei stor kran med ein løftekapasitet på 3000 tonn. Skipet kan utføre tunge løfteoperasjonar med hovuddekket nedsenka.

Tenester for havvind

Skipet skal arbeide i den tidlege utviklingsfasen av nye havvindparkar, og startar med vindparkane Dogger Bank A og B i den britiske delen av Nordsjøen. Arbeidet er venta å starte i 2024.

Skipets kapasitetar er tilpassa framtidas krav frå havvindindustrien, og gjer det mogleg for skipet å transportere og installere opp til 10 x 1500 tonns ultra-store jacketfundament eller 11 x 2000 tonns XXL monopålar pluss overgangsstykke for dei største vindturbingeneratorane som er forventa å kome.

'Seaway Alfa Lift' kan installere alle typar botnfesta havvindfundament, og vil også transportere og installere dekksmodular og undervassmodular, i tillegg til andre tunge lastar innan olje og gass.

Kapasitetar i detalj

Krana til skipet har ein maksimal løftekapasitet på 3000 tonn ved 30 meter og 1000 tonn ved 76 meter rekkevidde. Det 216,3 meter lange skipet vil også ha eit meir enn 10 000 kvadratmeter "smart dekk" som kan bere opp til 14 gigantiske monopålar per tur og som vil vere fullstendig nedsenkbart til ei djupne på 14,66 meter.

Seaway Alfa Lift transporting

Ta kontakt

Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw

Edwin van Leeuwen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.

Siste nytt

DJI 20240821190225 0194 D HDR 319 utdokking web
Oppdatering

Sjøsetting av Olympic sitt andre CSOV-skip

På onsdag 21. august 2024, ein månad etter leveringa av 'Olympic Boreas', sjøsette Ulstein Verft 'Olympic Notos',  som er det andre havvindskipet av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV) for Olympic. Begge fartøya er baserte på den innovative TWIN X-STERN-løysinga, eit konsept omtala som ein ‘firehjulstrekk' for havet.

Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw

Edwin van Leeuwen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.