Ulstein

Ulstein designar banebrytande tungløftsfartøy for Penta-Ocean Construction

Japanske Penta-Ocean Construction har gitt Ulstein Design & Solutions B.V. , Rotterdam, oppdraget med å designe sitt nye tungløftsfartøy for installasjon av havvindfundament. Skipet er basert på ein versjon av designet ULSTEIN HX118 og vil ha ei 5 000-tonns kran frå Huisman og hekkforma ULSTEIN U-STERN™, som gjer det mogleg å installere dei stadig større monopålefundamenta.

Det var etter gjennomførte moglegheits- og konseptstudiar i 2023 at Penta-Ocean Construction valte Ulstein til dette prosjektet. Ulstein føreslo eit HX118-skip med U-STERN™, ei løysing som bygger på Ulstein si kompetanse innan kranfartøy. Dette skipet gir ein velbalansert kombinasjon av arbeidsdekk, løftekapasitet, innreiing og DP-kapasitet, og vil også bli det største X-BOW®-fartøyet til no.

U-STERN™-løysinga, som er utvikla av Ulstein, bidreg til langsgåande lagring og oppsetting av monopålar langs skipet si senterlinje. Denne innovasjonen gjer det mogleg å installere lengre monopålar utan at dei stikk ut over skipssida, og gjer at fartøyet kan posisjonere seg mot bølgene ved installasjonen, noko som minimerer skipets rørsler og drivstofforbruk.

  • E265 BG0127000 M HDRI Environment Installing MP 4
  • E265 BG0127000 M HDRI Environment Transport MP 4 S mount fuji LR
  • E265 BG0127000 M HDRI Environment Sunset 4

Ulstein har sidan sist sommar samarbeidd med Penta-Ocean Construction om designet (basic design) av tungløftsfartøyet, inkludert eit omfattande modelltestprogram. Designet blir utvikla ved Ulstein sitt kontor i Rotterdam, med brei støtte frå engineeringsselskapet Ulstein Poland i designfasen.

- Vi er stolte over at Penta-Ocean Construction valde oss til å designe det nye tungløftsfartøyet sitt. Penta-Ocean Construction, Ulstein og Huisman samarbeider tett om å designe dette monopåle-installasjonsfartøyet, seier Ko Stroo, leiande designar ved Ulstein Design & Solutions B.V. 

- Etter kvart som prosjektet går framover med bygginga av skipet ved Seatrium-verftet i Singapore, kjem vi til å halde fram med å støtte partane gjennom konstruksjonsfasen.

Ta kontakt

Ulstein 042 bewerkt bw

Marian Rodriguez Suarez

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.
Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw

Edwin van Leeuwen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.

Relaterte nyheiter

Ulstein 042 bewerkt bw

Marian Rodriguez Suarez

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.
Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw

Edwin van Leeuwen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.