Internasjonalt vert det fokusert på dekarbonisering av skipsfarten, men fokuset er hovudsakleg på reduksjon av utslepp frå motorane og ikkje på utslepp frå oljelasteoperasjonar.
Avdamp frå oljelasting slepper ut millionar av tonn av CO2 -ekvivalentar i atmosfæren gjennom utslepp av flyktige organiske forbindelsar (VOC), med lokale, regionale og globale konsekvensar. (I fjerde IMO GHG Study 2020 section 2.2.4 vert det estimert eit totalt massetap for skipstransport til å vere 0,124%, av dette vert 0,1%-poeng tapt under lasting.)
Norske styresmakter har sidan tusenårsskiftet sett strenge avgrensingar på utslepp av VOC ved lasting av bøyelastarar i Nordsjøen, og effektiv teknologi har vorte utvikla og installert om bord på desse skipa. Mesteparten av dette utstyret har vorte levert av Wärtsilä Gas Solutions.
Det er ikkje økonomisk forsvarleg å installere same utstyr og system om bord på verdsflåten av oljetankarar for bruk ved lasting av olje offshore. Det er heller ikkje realistisk å installere slikt utstyr på offshore lasteterminalar då både fangsten og transporten av VOC tilbake til land vil vere svært dyrt og teknisk komplisert.
Vaholmen VOC Recovery AS har, i tett samarbeid med American Bureau of Shipping, Ulstein Design & Solutions AS og Wärtsilä Gas Solutions AS, utvikla ei patentert løysing for utfordringane med VOC-fangst og lagring ved oljelasting offshore. Løysinga inkluderer eit VOC-anlegg installert på eit dynamisk posisjonert skip. Skipet, her kalla ‘Vaholmen-eininga’, vil operere tett inntil den lastande oljetankaren og fange avdampen gjennom ein slange kopla til tankaren si sentrale returline for avdamp (vapour return manifold) og prosessere denne om bord i Vaholmen-eininga. Produktet av denne prosesseringa, flytande VOC, kan bli kapitalisert på gjennom injisering i oljestraumar, som energikjelde til kraftverk og raffineri med meir, eller som energikjelde om bord i Vaholmen-eininga. Verdien av dei fanga hydrokarbona vil normalt overstige kostnadene på drifta av Vaholmen-eininga.
- Forureining er ressursar på avvegar, seier CEO i Vaholmen VOC Recovery AS, Arve Andersson.
- Kombinasjonen av to modne teknologiar inn i eit nytt og innovativt produkt mogleggjer fangst og kapitalisering på verdiar som elles ville ha gått til spille, og på ein økonomisk lønsam måte.
- Ulstein har omfattande erfaring frå utvikling og levering av skip og skipsdesign frå meir enn 100 år. Skipet designa for Vaholmen har vorte utvikla i tett samarbeid med partane i prosjektet, og designet og systema om bord tek vare på optimal operasjon og utnytting av VOC for å oppnå låge driftskostnader. Ulstein arbeider kontinuerleg for å finne måtar å redusera energibehovet ved operasjon og for å finna alternative energikjelder. Ved å bidra til dette prosjektet, er målet vårt å redusera utsleppa frå operasjon og det er ein stor motivasjon for oss skipsdesignarar, seier kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions AS, Lars Ståle Skoge.
- Wärtsilä Gas Solutions er ein leiande leverandør av gasshandteringsutstyr, både på skip og på land. Sidan tidleg i 2000 har vi levert 15 VOC-anlegg for bøyelastarar i Nordsjøen, seier General Manager Sales i Wärtsilä Gas Solutions AS, Hans Jakob Buvarp.
- ABS er veldig glade for å jobbe saman med denne fantastiske gruppa av selskap på eit så innovativt prosjekt. Vaholmen-eininga vil dekke eit viktig behov ved å redusere utslepp når skipsfarten jobbar for å dekarbonisere og for å møta berekraftsmåla. Vi er stolte av å kunne bidra med den mangeårige historia vår, støtte utviklinga av slike einingar med fokus på tryggleik og innovasjon, og dette prosjektet er eit perfekt døme på framtida til slike fartøy – multi-funksjonelle, berekraftige og veldig tilpassingsdyktige til andre funksjonar, seier ABS Vice President Global Offshore, Matt Tremblay.
På initiativ frå Noreg og Canada har IMO no igangsett ein prosess for å handtere avdamputsleppa frå oljetankarar gjennom ein revisjon av MARPOL Vedlegg 6. Vaholmen har løysinga for å unngå mellom 60-80% av utsleppa knytt til transport og lasting av olje. Ved å reinjisere dei fanga utsleppa tilbake i verdikjeda, blir den økonomiske verdien av utsleppa utnytta.
Vaholmen-eininga
Vaholmen-eininga, som kan klassast som OSB med lastekapasitet på 1 200 m3 flytande VOC eller som gasskip med lastekapasitet på 3 000 m3 flytande VOC, har vorte utvikla i tett samarbeid med Wärtsilä Gas Solutions, American Bureau of Shipping og Ulstein Design & Solutions. Uavhengig av vald løysing vil Vaholmen-eininga halde DP2-klasse og vere utstyrt med eit fleksibelt og energieffektivt kraftsystem.
Vaholmen tilbyr Vaholmen-einingar gjennom tidscerteparti, sal av einingar eller via lisens til eigarar og terminaloperatørar, med drift av skip og VOC-anlegg som tilleggsteneste