The Metric System's winner concept of the next 100 krone note, showing the Gokstad viking ship and the X-BOW hull line design from Ulstein.

X-BOW® på kroner, film og arkitektur

Eit industrielt design kan inspirere andre område, og X-BOW har inspirert ulike kunstnarar, frå frimerke- og seddelillustratørar til kyrkjearkitektar og animatørar.

Publisert
25 mai 2017
Oppdatert
22 desember 2025
Del

Saman med vikingskip på pengeseddel

Den nye 100-kroneseddelen som kom i mai 2017, viser Gokstadskipet fremst, med eit offshorefartøy med X-BOW bak. Det viser Noreg sine lange linjer i skipsbygging, frå vikingskipa til dagens innovative skrogløysingar. Les heile historia. 
To av dei sju andre deltakarane som var med i konkurransen om dei nye setlane, hadde også teikna inn X-BOW-designet i sine framlegg. 

Nei, X-BOW er ikkje inspirert av vikingskip. Vikingskipa har ei relativt konvensjonell spanteform, typisk for eldre treskip, der ein slank forlenging av sjølve baugforma held fram over den eigentlege skrogavslutninga som pynt. ULSTEIN X-BOW® har derimot eit heilt lukka volum som går opp til brudekket. Eit vikingskip kan ikkje på same måte tillate neddykking av forskipet. Vi hentar inspirasjon frå science fiction, natur, arkitektur og teknologi, og målsettinga vår har vore å auke operabilitet, tryggleik og miljøvennleg drift. X-BOW er særleg nyttig i forhold der verforhold og bølger krev stabilitet og effektivitet.

  • Ulstein version Elias and Polar Queen
  • Excelsior illustration the next church in Ulstein municipality
  • The Metric System's winner concept of the next 100 krone note, showing the Gokstad viking ship and the X-BOW hull line design from Ulstein.

Kyrkjearkitektur

Då arkitektkontoret Snøhetta, som står bak kjende prosjekt som 9/11-minnesmerket i New York og biblioteket i Alexandria – og baksida av Norges Bank sine nye sedlar, i 2016 presenterte teikningane sine til ei ny kyrkje i Ulsteinvik, kom det fram at X-BOW hadde gitt inspirasjon til arkitekturen:

- I prosessen med konseptutvikling samlar vi inspirasjon frå både lokale og fjernare referansar. Dei lokale referansane er viktige for å forstå staden vi jobbar og bidreg til å skape ei tilknyting mellom prosjekt og stad. I utviklinga av konkurranseforslaget Excelsior for Ulstein kyrkje var X-BOW ein av dei lokale referansane vi studerte. Båtforma er eit ikon på innovativ design og vi er svært begeistra for produktet og historia bak. Vi snakka også mykje om verftsindustrien generelt, og stål som material. Stålet fekk ei rolle i innvendige skilleveggar og utvendige forstøtningar, fortel prosjektleiar i Snøhetta, Margrethe Lund.

Skurk på film

X-BOW har også vore aktør på barnefilm. Baugdesignet dukka opp som skurken i animasjonsfilmen «Elias og jakten på havets gull».

- Dei tøffaste båtane i verda er x-bowen. Og på film er det skurken som er den tøffaste, fortalde filmprodusent John M. Jacobsen som ei forklaring på at storskurken, Polardronninga, og alle medhjelparane hennar er X-BOW-båtar.

Siste nytt

Orient Adventurer inclining test 1
Oppdatering

Krengeprøve gjennomført på Orient Adventurer: Ettermarknadstenester som gjer fartøy klare for nye roller

Ombygging og remobilisering av fartøy krev meir enn teikningar og utrekningar. Nyleg arbeid på Orient Adventurer, som no blir førebudd for kabellegging, viser kor avgjerande inngåande kunnskap om fartøyet si operasjonelle historie er for å kunne levere sikre, klassegodkjende løysingar. Gjennom ettermarknadstenestene til Ulstein støttar vi komplekse skipsoppgraderingar med ingeniørkompetanse innan stabilitet og vekt. Det inkluderer planlegging og gjennomføring av krengeprøver for ombyggings- og levetidsforlengingsprosjekt.

Ettermarknad
Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann029
Artikkel

Redningsøving utanfor Lofoten: Naudslep av MS Spitsbergen

Tysdag 24. mars blei ei omfattande redningsøving gjennomført i havet utanfor Lofoten der eit nytt naudslepesystem for skip vart testa. Cruiseskipet MS Spitsbergen med 150 passasjerar om bord, Kystvaktskipet KV Barentshav og 330- skvadronen sitt redningshelikopter SAR Queen deltok.

Skipsdesign