10 Møre

Yno 10 Møre

Møre var bygd i tre ved UIstein mek. Verksted i 1955. Båten var 90,9 fot lang, 22,1 fot brei og 10,9 fot djup, 137,99 bruttotonn og 36,32 nettotonn. Båten fekk innsett ein 240 hk Wichmann-motor. Planen var å forlengje den gamle båten, men det enda med at Ulstein mek. Verksted leverte eit nybygg.

I åra etter andre verdskrigen var det vanskeleg å få løyve til å bygge nye båtar. Det var mangel på materialar, og difor vart reparasjon av eldre båtar prioritert. I fleire tilfelle omgjekk ein regelverket ved at ein bygde ein bortimot heilt ny båt, men brukte det gamle byggeåret vidare. I utgangspunktet skulle ein også modernisere den gamle «Møre» frå 1906, men i den vidare prosessen fekk ein løyve til nybygg. Dermed står det byggenummer 10 ved Ulstein mek. Verksted i målingsbeviset for «Møre».

Kjølen til «Møre» vart strekt på ettersommaren 1954. Planen var at båten skulle bli ferdig til vintersildfisket. Det vart eit stressande tidsskjema, men 22. januar 1955 gjekk båten på prøvetur. Deretter var det å få om bord nota og starte fisket. «Møre» var bygd for eit partsreiarlag der hovudtyngda av eigarane var heimehøyrande på Sunnmøre, men båten vart fiskeriregistrert i Bremsnes på Nordmøre der den korresponderande reiaren budde. Eigarane var Ragnvald Otterlei (Bremsnes) 1/6, Olav R. Otterlei (Bremsnes) 1/6, Petter J. Aakre (Haramsøya) 1/6, Johan P. Aakre (Haramsøya) 1/6 og Knut Sævik (Vartdal) 2/6. I Bremsnes vart «Møre» registrert som M-29-BS. Ved kommunesamanslåinga i 1964, der Bremsnes vart ein del av Averøy kommune, vart det nye fiskerimerket M-29-AV.

KØYRER NED MOTORBÅT
Natt til 3. oktober 1958 passerte «Møre» Tromsøbrua på veg nordover på sildefiske. På slep hadde ein båten «Blomvåg», som også gjekk for eiga maskin. Ei stund etter, då «Møre» var mellom Vågnes og Tønsnes, merka ein at båten støytte på noko. Det var ikkje nokon kraftig støyt. Det var mest som ein så vidt kunne ha vore borti botnen. Farten vart sett ned, men folk kunne ikkje sjå noko på sjøen. "Blomvåg" seig då oppunder akterenden på "Møre". På spørsmål kunne folka på "Blomvåg" fortelje at dei meinte å ha sett drivande gjenstandar på begge sider av "Møre", gjenstandar som dei trudde var eit oljefat, ei stor kasse og ein tømmerstokk. Dei konkluderte difor med at ein truleg hadde gått på noko drivgods, og båtane gjekk vidare. Båten "Ståltind" observerte vel ein time seinare diverse vrakrestar i området. Dei byrja å søke og fann ein mann på restane av eit styrehus. Han kunne fortelje at i lag med ein svigerbror var dei på veg til Tromsø for å levere saueslakt i ein 30 fots båt. Mellom Vågnes og Tønsnes fekk dei motorstopp, og båten vart liggande og drive heilt mørklagd midt i leia. 10 minutt seinare vart dei rende i senk av ein motorbåt som kanskje var på kring 80 fot, kunne den eine som overlevde, fortelje. Den andre som var om bord, omkom. Han var i maskinromet på motorbåten, som vart kløyvd i to. Ut frå andre observasjonar konkluderte politiet med at sjarken måtte ha blitt påkøyrd av "Møre". Båten melde seg, og ut frå skadar på "Møre" var ein ikkje i tvil om at det var Møre som hadde rent på sjarken.

"Møre" fekk montert kraftblokk i 1964, men ho var i svakaste laget. Demed vart ho bytt til ei ny blokk i 1966. I 1966 vart Olav Otterlei, Ekkilsøy, eineeigar av båten. Det vart no også sett inn ein 600 hk Wichmann-motor, bygd 1966. I 1970 vart "Møre" ommålt etter å ha blitt ominnreidd framme og fått ny oppbygning akterut. Ytre mål var som før, men ny tonnasje vart 139,34 brutto og 39,42 netto. Arbeidet vart gjort ved AS Kristiansunds mek verksted og båtbyggeri. Etter ombygginga vart "Møre" brukt til tråling. Båten dreiv industritråling utanfor Mørekysten, men også litt i Nordsjøen. Elles vart det loddetråling på Finnmarkskysten, og dei siste åra tråla ein mykje etter vassild på Suladjupet og Haltenbanken. "Møre" var i drift til våren 1981. Etter å ha blitt kondemnert vart båten søkkt i Halsafjorden, 8. september 1981.

Informasjon om båten skaffa inn av Johan Ottesen.