Yno 51 - Nordbùgvin

B.nr. 51 - Byggeår 1969. Rederi: P/F Hjallur, Tórshavn, Færøyane. Skroget bygd ved Molde Verft, og utrusta ved Ulstein Mek. Verksted. Ein shelterdekka kombinert garn- og linebåt med propellanlegg frå Ulstein Propeller. Bygd for garn- og linefangst ved Grønland.

  • Lengde: 50,95 m (167 fot)
     
  • Bredde: 9,5 m (31,2 fot)
     
  • Brutto tonnasje: 792 tonn 
     
  • Fart: 12 knop 
     
  • Hovedmotor: 10-sylindra V-motor 1200 HK 4250 pr min.
     
  • Skipstype: Fiskebåt
  • Saltfiskromkapasitet 500 kbm
  • Fryseromkapasitet 260 kbm
  • Brennoljekapasitet 150 kbm
  • Ferskvasskapasitet 26 kbm
  • Skipsdesign: UT 303 
     
  • Andre skipsnamn: "Norðborg", "Norðborg 2", "Arctic Moon", "Aleksandr Pronin"

 

Skipshistorie

Levert tysdag 14. januar 1969. Gudmor fru Signhild Johannesen. Ved dåpen var rederiet også representert ved korresponderande reiar Tummas Ørv, som også var styreformann i reiarlaget, og styremedlemmene Simon Johannesen, Anfinn Joensen og Reinhard Djurhus, sistnemnde skulle vere skipper på 'Nordbugvin'. Etter overleveringsturen, der skipperen ordinerte tre store runder med fullt styrbord ror, i tråd med færøyisk skikk, før disponent Magnulf Ulstein ved Ulstein mek. kunne fire verkstedet sitt flagg og overlate båten til reiarlaget, var det stor middag på Ulstein Hospits.

Den første båten som fekk installert det nye Ulstein stabiliseringssystemet, som var utarbeidd i samarbeid med skipsmodelltanken i Trondheim. Dette var elles det første norske stabiliseringsanlegget som var installert i ein fiskebåt. I egneromet var det i skipssida plassert eit fhv stort tal jukseluker, til bruk ved juksing. Arbeidsdekket var utstyrt med linespel, av-anglekaskin, bingar for rundfisk, bløgge- og sprettekasse, flekkebenkar, skyllekassar mm. Ein del av gangsten vart filetert, og for denne prosessen var det installert ein platefrtsar i forkant av arbeidsdekket, frå denne vart ferdig filet brakt til infrysing i to fryserom på 45 kbm kvar. Frå innfrysing gjekk fileten til freseromet akterfor på 170 kbm. Resten av fangsten gjekk til salting i saltfiskromet som var på ca 500 kbm. Både fryse- og salteromet hadde uvanleg stor kapasitet for ein båt av denne storleiken. Setting, både av line og garn, vart gjort frå hekken. All innreiing var plassert akter på hovuddekket, med blal plass for 12 mann i trivelege 3-, 2- og 1-mannslugarar, Under dekk var det lasert ytterlegare 12 mann i 3-mannslugarar. I overbygginga på shelterdekk låg kapteinssalong og soverom og to stk 1-mannslugarar. Skipet hadde isklasse +1A1. På den tekniske prøveturen gjorde skipet 12,5 knop.


1972 Båten skifta namn til "Norðborg". 
2000 Båten skifta namn til "Norðborg 2". 
2001 Båten var eigd av P/F Hvalnes, Klaksvík. 
2001 Båten er seld til Grønland.
2003 Nytt namn "Arctic Moon"
2006 Nytt namn "Aleksandr Pronin"
2017 Fortsatt aktiv - IMO 6914423. Eigar og driverselskap er Severomorskoy Alliance, Murmansk, Russland.