FX101 Bluewild2 Jan22 Sea PS Fore Low

Bluewild kontraherer ny fabrikktrålar med design frå Ulstein

Fiskeriselskapet Bluewild fornyar flåten sin med ein fabrikktrålar designa av Ulstein Design & Solutions AS. Skånsam handtering av fangsten og lavast mogleg energiforbruk har vore viktige element i designutviklinga. Trålaren vil bli bygd ved Westcon Yards.

Publisert
15 februar 2022
Del

Hekktrålaren er av designtypen ULSTEIN FX101og markerer starten på ei ny satsing innanfor fiskeri for Ulstein. Skipet har innreiing for 30 personar. Det 73,2 meter lange skipet har netto lasterom på om lag 2000 kubikkmeter og blir utrusta med kvadruppel trål og pelagisk trål. Skrogutforminga med X-BOW® vil bidra til mindre brå rørsler og vil minimere sjø på dekk.

ECOFIVE - for meir berekraftig fiskeri

ECOFIVE er eit konsept utvikla av Bluewild, som set ambisiøse krav til lavast mogleg energiforbruk, størst mogleg utnytting av fangsten, uttak av ernæringsverdi og høgast mogleg kvalitet på sluttproduktet. For å tilrettelegge for måla i ECOFIVE har Ulstein utvikla konkrete løysingar og bygd over ein ny ‘lest’ for fabrikktrålarar. Grundige analysar i starten av designarbeidet og omfattande samarbeid med reiarlaget gjorde at ein har funne ein ny konfigurasjon for slike fartøy, tilpassa reiarlaget sin ønska driftsprofil og produksjonsfilosofi.

Blant anna har Ulstein utvikla eit system for fangstmottak og oppbevaring som i størst mogleg grad skal halde fangsten levande heilt fram til prosesseringa. Ved å ta fangsten direkte inn under vasslinja i ulike separate tankar unngår ein kvalitetstap under hiving og lagring i tørre mottakstankar, og fabrikk-kapasitetane får ei jamnare utnytting.

FX101 Bluewild2 Jan22 Sea SB Aft2
ECOFIVE-konseptet fokuserer på å utnytte ressursane slik at ikkje noko går tapt av fangsten og med minimal bruk av energi. Både hovudproduktet, men òg biprodukt og restråstoff vil halde svært høg kvalitet.

Hybrid kraft- og framdriftssystem

Det hybride kraft- og framdriftssystemet, som kombinerer dei beste eigenskapane frå dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift, vert støtta av ein stor batteripakke. To store propellar med rordyser aukar manøvreringsevna og slepekrafta, og bidreg til å minimere energitap ved rorutslag. Overskotsenergien, som returenergien frå vinsjane, vert lagra i batteripakken og overskotsvarme frå motorane blir gjenvunne og brukt der det er behov elles i skipet. 

Basert på den operasjonelle profilen til skipet har Ulstein planlagt framdriftssystemet og systemintegrasjonen som mogleggjer drivstoffinnsparingar på minst 25 prosent per kilo produsert fiskeprodukt samanlikna med eit konvensjonelt kraftsystem. I enkelte operasjonar, saman med dei andre energiøkonomiserande tiltaka om bord, kan dette talet bikke 40 prosent. Denne betydelege reduksjonen i energibehovet fører ikkje berre til reduserte drivstoffutgifter for reiarlaget, men vil også gi ein vesentleg reduksjon i utslepp av klimagassar.

Norske aktørar i trippelsamarbeid

Trålaren vil bli bygd ved Westcon Yards i Ølensvåg, og dei driv fire verft langs norskekysten.  
– Dei er ein god samarbeidspartnar for Ulstein Design & Solutions. Det er gledeleg å sjå at vi igjen kan levere design og utstyr til eit norsk verft for bygging av eit innovativt fartøy, seier Erwin Jager, salssjef fiskeri i Ulstein Design & Solutions.

Ulstein, med hovudkontor i Ulsteinvik, leverer design og engineering, og ei utstyrspakke for kraftsystemet (generatorar, elektromotorar for propulsjon inkludert frekvensomformarar, eit komplett batterisystem, tavler og distribusjonsløysing, og kontrollsystem for kraft- og energistyring) Alle systema er tilknytta det integrerte automasjonssystemet ULSTEIN IAS™ med skybasert datainnsamling via Blue Box. 

Bluewild held til i Ålesund. Reiarlaget har frå før trålaren Ishavet (bygd 2013). Den nye trålaren vil erstatte trålaren Langenes (bygd 1986). 

Ta kontakt

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Relaterte nyheiter

Bluewild fishing vessel catch reception
Artikkel

Fangstløysinga i ECOFIVE forklart

Trålfiske har alltid bydd på nokre utfordringar. ECOFIVE-løysinga frå Bluewild er ei ambisiøs satsing som vil halde kvaliteten på fangsten høg, og som vert realisert i ein fabrikktrålar utvikla av Ulstein Design & Solutions saman med rederiet. Ein forklarande animasjonsfilm i denne artikkelen forklarar fangstløysinga.

FX101 Bluewild2 Jan22 Sea SB Aft2
Artikkel

ECOFIVE for meir berekraftig fiske

ECOFIVE er eit konsept for fiskebåtar der målet er å utnytte 100 prosent av fangsten, minimere kvalitetstap under handtering av fangsten for å auke næringsutnyttinga og å redusere energiforbruket vesentleg. Bluewild sin neste fabrikktrålar vil vere den første ECOFIVE-fiskebåten, med mellom anna ein nyutvikla metode for å ta om bord fangsten.

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS