Britoil Justice sea trial fore

Britoil Justice

Har fullført prøveturen.

Publisert
20 september 2023
Del

Britoils nye plattformforsyningsfartøy, Britoil Justice, fullførte prøveturen sin den 17. september 2023. Fartøyet er basert på ULSTEIN P128-designet. 

Til liks med søsterfartøyet, Britoil Journey, har DP2-fartøyet (dynamisk posisjonering II) eit dieselelektrisk framdriftssystem og fleire energisparande funksjonar. Skipet har eit dekk på 610 kvadratmeter og ei dødvekt på 3000 tonn. I tillegg til skipsdesignet har Ulstein levert ei kraft- og automasjonspakke, prekommisjonering og igangkøyring til prosjektet. Pakka inkluderer tavler, kraftstyringssystem (PMS) og framdriftseiningar (drives). 

Dette er det andre PSV-designet som Kuma Shipping opprinneleg bestilte frå Ulstein Design & Solutions AS, og som har vorte kjøpt opp av Britoil. Skipet vil bli overlevert til Britoil etter det avsluttande arbeidet er ferdigstilt. 

  • Britoil Justice sea trial fore
  • Britoil Justice sea trial aft

Ta kontakt

Per Einar Moldskred DSC4336 comp bw

Per Einar Moldskred

Beskrivelse
Service Manager
Tilknytning
Ulstein Power & Control AS

Siste nytt

Konseptdesign ULSTEIN THOR
Artikkel

Stor interesse for det Thorium-drivne fartøykonseptet ULSTEIN THOR

Etter lanseringa av skipskonseptet i april 2022, har marknaden vist ei enorm interesse for potensialet og kapasiteten til den Thorium-drivne ULSTEIN THOR. I ein polarcruisesamanheng kan ULSTEIN THOR åleine generere over 50 GWh energi i ein 150-dagars cruisekampanje. Det sparer meir enn 32 000 tonn i CO2-utslepp og vil kunne føre til ein betydeleg reduksjon av miljøavtrykket.

Per Einar Moldskred DSC4336 comp bw

Per Einar Moldskred

Service Manager

Tilknytning
Ulstein Power & Control AS