SX124 Shearwater Oct22 Transit In Waves SB Side 2

Første tilbakemelding frå SW Tasman

Shearwater GeoServices sitt nykonverterte seismikkskip, 'SW Tasman', har vore i arbeid sidan juli 2023. Skipet har to ROV-ar, og oppgåver knytt til nodar, som tidlegare vart utførde av to skip, har no blitt gjennomført av berre eitt. Meir plass, enklare tilgang og gode løysingar i arbeidsarealet vert nemnde blant dei positive tilbakemeldingane frå mannskapet.

Publisert
10 november 2023
Del

Dei visste kva vi snakka om frå dag éin. Det var ein god match.

Mick Richardson, marine technical manager i Shearwater
SW Tasman converted to dual ROV node seismic vessel Shearwater

SW Tasman var opphavleg designa og bygd som eit 3D-seismikkskip med tolv lyttekablar, også kalla streamerar. I samarbeid med Shearwater utførte Ulstein Design & Solutions redesign- og ingeniørarbeid for å utvikle det første seismikkskipet i Shearwater-flåten med to ROV-ar (fjernstyrte undervassfarkostar). Skipet har no blitt tilpassa til å sette ut nodar på havbotnen, både på djupt og grunt vatn, og det kan også levere høgkvalitetskjelder for undersøkingar og kan gjennomføre taua streamer-kartleggingar. Ein slik kombinasjon er unik i eit skip.

Kan plassere noder med berre eitt skip

- Skipet gjekk rett i arbeid etter ombygginga, og det er eit godt teikn, seier Mick Richardson, som er teknisk leiar ved Shearwater. 

- SW Tasman fekk kontrakt på å gjennomføre streamer- og nodeundersøkingar i den norske delen av Nordsjøen. Ho har også arbeidd for ein annan kunde, med å plassere nodar utanfor Kristiansund. Alt vart utført av SW Tasman aleine.

Resultatet av konverteringa

- Konverteringa har gått skikkeleg bra. Eg uroa meg for korleis ho ville operere i dynamisk posisjoneringsmodus, men ytinga er verkeleg god. Vi har allereie opplevd dårleg vêr, og ho lever opp til forventningane våre, og overgår andre ROV-skip. Vi er også svært nøgde med korleis utstyrspakken har blitt sett saman. Det er gode interne logistikkløysingar i det området som har vorte oppgradert, noko vi hadde fokusert mykje på. Dette er eit konkret sikkerheitsspørsmål som inkluderer gode gangvegar, tilgangar og trapper, seier Richardson.

Ein god match

Gjennom ombyggingsprosjektet jobba to selskap saman som eitt team, der 'gjennomførbart' var det overordna målet.

- Ein kan ikkje bruke kven som helst til dette. Dette handla ikkje berre om å lage eit ROV-skip, men om å utvikle eit spesielt konsept. Skipet er stort nok til å ha helikopterdekk, og kom med ei pakke som femna om innreiing, instrumentromet og eit innelukka område i staden for ei kontainer-løysing på dekk, og vi skjønte at denne plattforma ville fungere, seier Richardson.

- Ideane kom frå alle vinklar, og vi hadde ein open og tydeleg dialog. Vi bidrog med den operasjonelle kunnskapen. Ulstein la til sine kunnskapar om skipstypen, generell designkunnskap, stabilitet og kapasitetskarakteristikkar, klasseforskrifter, ROV-ar og moglege løysingar. Dei visste kva vi snakka om frå dag éin. Det var ein god match.

SX124 Shearwater Oct22 Transit In Waves SB Side 2

Mannskapet er avgjerande; er dei nøgde, går operasjonane bra

Viss du skulle gjennomføre eit liknande ombyggingsprosjekt på eit anna skip, ville du velje dei same systema og løysingane igjen?

- Absolutt, berre litt justeringar her og der. Mannskapet seier dei er nøgde med dei endringane vi gjorde, og skipet fungerer bra i operasjonar, seier Richardson og understrekar:

- Mannskapet er avgjerande. Viss mannskapet ikkje hadde vore nøgde, ville vi ha streva med det operasjonelle. Men her høyrer vi positive ord frå alle.

Ta kontakt

DSC4827 comp bw

Roy Lindset

Beskrivelse
Sales Manager Service & Aftermarket
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

ULSTEIN Navy2025 Dec25 SB Duo
Artikkel

Ulstein-design for standardiserte sjømilitære fartøy

Med over 100 års erfaring innan skipsbygging er Ulstein ein sentral aktør i den norske maritime klynga, kjend for innovasjon innan skipsdesign og prosjektering av disse. Frå offshorefartøy som opererer i dei mest vêrharde havområda til ekspedisjonscruiseskip i polare strøk, har selskapet vist evne til å levere avanserte og pålitelege plattformer. Denne erfaringa er grunnlaget når Ulstein no utviklar konsept for standardiserte sjømilitære fartøy til Sjøforsvaret. Skipa skal dekke marinen sitt behov for avanserte, pålitelege og effektive fartøyplattformer. 

Sjøforsvaret
N Xyyy Navy v3 Nov25 Sea Mil Ops Interceptor SB Aft Low
Pressemelding

Verftssamarbeid for å realisere Sjøforsvarets standardiserte sjømilitære fartøy

Sjøforsvaret har ambisjon om å anskaffe serieproduserte, standardiserte sjømilitære fartøy. Dette stiller krav til skip som er allsidige, robuste og framtidsretta, men likevel kostnadseffektive å bygge. Få verft i Noreg kan møte denne utfordringa. Saman har Larsnes Mek. Verksted (Larsnes) og Ulstein Group (Ulstein) lang erfaring og gode referansar med design, bygging og vedlikehald av fartøy, og samarbeider for å tilby ei løysing som sikrar effektiv produksjon av sjømilitære fartøy.  

Sjøforsvaret