Keel lay ceremony Nexans 317 10

Kjølstrekk for kabelleggingsskipet Nexans Electra

Den 4. april 2024 vart det markert kjølstrekk for det nyaste kabelleggingsskipet til Nexans, som vil få namnet Nexans Electra. Fartøyet skal transportere og legge ulike typar sjøkablar, inkludert kabelbunting, og gjenopphenting og reparasjonar for Nexans Marine Operations AS.

Kjølstrekk er ein viktig milepåle og markerer oppstarten på samansettinga av hovudkomponentane til eit nybygg. Nexans Electra er det andre skipet som er bestilt av Nexans ved Ulstein Verft, og ein oppdatert versjon av Nexans sitt flaggskip, Nexans Aurora, som vart levert i 2021.

Keel lay ceremony Nexans 317 1

- Det er med spenning vi følgjer denne viktige milepålen i bygginga av Electra og vi ser fram til å sjå det ferdige skipet, seier Marco Bregman, som er direktør for installasjon og tenester i Nexans.

ST-297-designet er utvikla av Skipsteknisk i Ålesund. Skroget blir bygd ved Crist i Polen, medan det resterande ingeniørarbeidet, utrustinga, systemintegrasjonen, utstyrsførebuingane, testinga, sjøprøvene og ferdigstillinga vil skje ved Ulstein Verft i Noreg. 

  • Keel lay ceremony Nexans 317 12
  • Keel lay ceremony Nexans 317 6
  • Keel lay ceremony Nexans 317 3

Skipet har ei to-karusell-løysing og vil bli utrusta for legging av straumkablar. Det har kapasitet til å legge opp til fire kablar på same tid. Det kan arbeide effektivt også i krevjande vêrforhold, har eksepsjonell manøvreringsevne og evne til å halde seg på posisjon (dynamisk posisjonering – DP3), noko som gjer skipet til ein verdifull ressurs for Nexans.

Ved brennestartseremonien i januar 2024 var Nexans sitt prosjektleiar Frode Beyer, tilfreds med det nære samarbeidet mellom designarar, ingeniørar, verftet og reiarlaget, noko som har gjort det mogleg å starte bygginga til avtalt tid. Prosjektframdrifta held fram i samsvar med planen.

Namnet på skipet, Nexans Electra, vart valt gjennom ein intern namnekonkurranse hos Nexans, og er i tråd med selskapet sitt slagord: ‘Electrifying the future’.

- I dei komande månadene vil prosjektleiinga prioritere fleire nøkkelområde, seier Runar Toftesund, som er prosjektleiar ved Ulstein Verft. 

– Vi følgjer tett opp skrogbygginga for å sikre god kvalitet på skroget, Utrustning og varmtarbeid vil bli gjennomført ved Crist og også ein del malingsarbeid. Parallelt med denne prosessen vil samarbeidet med Nexans og andre hovudleverandørar vere avgjerande for å sikre framdrifta.

Nexans Electra er 149,9 meter lang, 31 meter brei og har ei dødvekt på 17 000 tonn. Der er innreiing for opp til 90 personar.

Dette toppmoderne kabelleggingsskipet har imponerande eigenskapar:

  • Ei splitta svingskive på dekk som kan halde opptil 10 000 tonn kabel.
  • Ei svingskive under dekk med kapasitet for 3 500 tonn kabel 
  • Ein fiberoptisk kapasitet på 450 tonn. 
Nexans Electra 02

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Relaterte nyheiter

Steel cut cermony Nexans nb 317
Pressemelding

Brennestart for Nexans sin neste CLV

Den 19. januar 2024, på dagen fire månader etter at skipsbyggingskontrakten vart signert, kunne Nexans Marine Operations AS og Ulstein Verft feire oppstarten på bygginga av Nexans sitt neste kabelleggingsfartøy. Til stades på brennestartsseremonien ved skrogverftet Crist var representantar frå Nexans, Ulstein Verft, DNV og Crist. 

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS