Ulstein Verft si tungløftsavdeling på plass på Averøy i samband med kranoppdrag. Foto: Egil Reidar Ørsal.

Løfta og frakta bort gangbru frå boligrigg

I fire dagar, frå 16. til 20. januar 2021, var Ulstein  Verft si tungløftsavdeling på Averøy Industripark. Med hjelp av lekter, mobilkrana og Goldhofer multiwheelerane var vi godt rigga for å løfte ned ei gangbru frå ein boligrigg i oljeindustrien.

Publisert
29 januar 2021
Del
  • Mobilkrana har lang løftearm og kan ta tunge løft, opp til 600 tonn på land, og 400 tonn når ho står på lekteren. Foto: Egil Reidar Ørsal.
  • Gjennom fire intense dagar vart løfteoppdraget på Averøy gjennomført, her er beltekrana av typen Demag CC2800-1 i aksjon. Foto: Egil Reidar Ørsal.
  • Mobilkrana løftar her tilhøyrande delar til gangbrua for transport sørover langs kysten på 'Flex'-lekteren. Foto: Egil Reidar Ørsal.
  • Etter at beltekrana var køyrt om bord att på lekteren, lasta vi opp gangbrua med det som høyrde til og frakta alt på lekteren til Ulsteinvik. Foto: Egil Reidar Ørsal.
  • Vi har med plater som vi kan legge på ulendt underlag, då kan mobilkrana og multiwheelerane kome til på dei fleste stader. Foto: Egil Reidar Ørsal.

Kontakt | Jostein Sørnes | 992 51 705 | [email protected]

Boligriggen skal bli slept til Tyrkia for opphogging, og i samband med dette måtte gangbrua og tilhøyrande delar takast av for mellomlagring.

Vi bygde om krana til 84 meter bom med 150 tonn på vogna. Vi hadde med oss SPMT Goldhofer multiwheelerane for å køyre delane bort til lekteren. Etter at krana var køyrt om bord igjen, lasta vi opp gangbrua med det som høyrde til og frakta alt på lekteren til Ulsteinvik.

Tungløftsavdelinga si beltekran, ein Demag CC2800-1 frå Terex, kan løfte opp til 600 tonn når ho står på land, og kan fraktast på lekter langs heile kysten. Vi har stor aksjonsradius, og held til sentralt på kysten, i Ulsteinvik på Sunnmøre. Etter ankomst må vi fjerne sjøsikringane og løfte opp hovedbommen til krana, slik at vi er klare til løfting om lag ein time etter at vi har kome fram.

Vi har brei erfaring frå mellom anna veg- og bruprosjekt, montering og frakt av ferjebruer og skrog, løft av laksemerder og båtar med meir, sjå eit utval av referansane våre her.

På vår eiga Facebook-side, Tungløft, får vi mange tilbakemeldingar frå både ut-og innland, frå folk som synest det er interessant å følgje oss. Ein av dei siste kommentarane vi fekk, var følgjande: "For en flott jobb du har! Greetings from the Netherlands!" - og dette er vi sjølvsagt heilt samde i!


 

Ulstein heavylift multiwheeler kran oppdrag Averoy 4

Her står vi og planlegg arbeidet saman med representantar frå gangbru-leverandøren Uptime. 

Siste nytt

Ulstein Verft DJI 0125
Pressemelding

Resultat for Ulstein i 2023

Ulstein Group hadde i 2023 ei omsetning på 1,4 milliardar kroner og eit driftsresultat på 49 millionar kroner. Kunnskap og erfaring frå Ulsteins meir enn hundreårige historie har skapt ein dynamisk og endringsvillig organisasjon som vi no dreg nytte av i overgangen til ei grønare og etterkvart meir fossilfri framtid. 

DSC4731 comp bw

Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tilknytning
Ulstein Verft AS