SX195 Shanghai Electric 2

Levering av dei to første spesialdesigna SOV-skipa til den kinesiske havvindindustrien

Fredag 16. august 2024 gjennomførte Shanghai Electric ein kombinert skipsdåp og levering av to havvindskip ved ZPMC-verftet i Qidong, Kina. Fartøya er basert på to ulike skipsdesign frå Ulstein Design & Solutions AS og er dei første spesialdesigna fartøya for havvindindustrien i Kina.

  • Shanghai Electric SOV delivery 5web
  • Shanghai Electric delivery2
  • Shanghai Electric SOV delivery 6web
  • Shanghai Electric interior3
  • Shanghai Electric interior4
  • Shanghai Electric interior1
  • Shanghai Electric delivery1
  • Shanghai Electric interior2

Begge havvindskipa av typen Service Operation Vessels (SOV-ar) er designa med X-BOW- og X-STERN-løysingar for optimale sjøeigenskapar. Den betydelege reduksjonen av slag og påfølgjande vibrasjonar sikrar komfort og tryggleik for alle om bord. Den framifrå ytinga til skipet omfattar svært høg evne til å halde posisjon, gode sjøeigenskapar og auka operasjonsevne i høge bølgjer.

Zhi Cheng 60 er eit ULSTEIN SX197-design, måler 72,6 meter i lengd og 17,5 meter i breidd, med plass til 60 personar og eit dekksareal på 400 kvadratmeter (200 kvadratmeter på lastedekket og 200 i lageret).

Zhi Zhen 100 er basert på det større ULSTEIN SX195-designet, med ei lengd på 93,4 meter og ei breidd på 18 meter. Fartøyet har plass til opptil 100 personar og har eit totalt dekksareal på 620 kvadratmeter (420 kvadratmeter på lastedekket og 200 i lageret).

Begge fartøya er utstyrte med eit  topp moderne batterienergilagringssystem og eit DC-basert system, som rommar både hovudframdrift, thrusterar og hovuddistribusjon, saman med høgkapasitets (DP2) dynamisk posisjoneringssystem. Dei har også avanserte rørslekompenserte gangvegar, offshorekraner og høghastigheits dotterfartøy, som sikrar trygg og effektiv overføring av personell og reservedelar for vedlikehald av vindturbinar.

Shanghai Electric SOV delivery 2web

Når ein no tek i bruk serviceoperasjonsfartøy ved havvindparkar i Kina, vil ein sjå ei vesentleg auke i effektiviteten av serviceoperasjonane, inkludert konstruksjonsstøtte og drifts- og vedlikehaldsfasane. 

Desse to skipa vil tene som pålitelege plattformer og gje komfortable arbeidsmiljø til sjøs. Teknikarane vert sikra ein trygg og saumlaus overgang til vindturbinane, og der er rikeleg lagringsplass og godt organisert logistikk om bord.

Testpersonell frå Ulstein Design & Solutions AS utførte stabilitetstestar av fartøya som ein del av skipet sine omfattande oppstartsprogram.

Liu Xiangnan, visepresident i Shanghai Electric sitt havvindselskap, seier at: 

- Vi valte Ulstein ut frå den leiande posisjonen dei har innan havvindmarknaden, med erfaringa og prosjektreferansane, og at dei er til stades lokalt i Kina. Ulstein er ein dedikert aktør som har synt profesjonalitet og ekspertise i prosessen med å utvikle desse konsepta. Eit tett samarbeid mellom Ulstein, byggeverftet ZPMC og oss sjølve har gitt eit solid grunnlag for prosjekta. Shanghai Electric er den leiande tilbydaren av havvindturbinar i Kina, og med desse to førsteklasses SOV-skipa kan vi gi auka verdi til klientane våre og bidra til eit tryggare arbeidsmiljø for kollegaene våre på sjøen.

Administrerande direktør Runar Muren hos Ulstein Design & Solutions AS kommenterer: 

- Vi er svært glade for å sjå fullføringa av desse to SOV-fartøya for Shanghai Electric og ønskjer hell og lukke til fartøya og mannskapa deira. Samarbeidet med ZPMC-verftet går tilbake til 2012. Saman med Shanghai Electric er vi tru mot visjonen vår: Vi skaper morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Vi trur desse fartøya vil vere viktige ressursar for ei berekraftig utvikling av den nasjonale havvindindustrien i Kina.

Ta kontakt

Runar Muren DSC4429 comp bw

Runar Muren

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Lucy bw

Lucy Lu

Beskrivelse
Sales & Marketing Director
Tilknytning
Ulstein Marine Systems (Shanghai) Co. Ltd

Relaterte nyheiter

Runar Muren DSC4429 comp bw

Runar Muren

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Lucy bw

Lucy Lu

Sales & Marketing Director

Tilknytning
Ulstein Marine Systems (Shanghai) Co. Ltd