Nyheita om bygging av to nye konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) blei kunngjort i januar 2024. Kontraktane blei signert av Ulstein Verft og J.P. Morgan Asset Management, sistnemnde på vegne av institusjonelle investorar, og inkluderer to opsjonar. 16. mai 2024 feira vi brennestart for byggnummer 322, og no, etter at kjølstrekkingsseremonien er offisielt fullført, ser vi fram til å følge dette spennande prosjektet vidare. Etter at skroget har blitt sett saman på CRIST-skrogverftet i Polen, skal det slepast det til Ulstein Verft for dei påfølgande fasane. Fartøyet er planlagt levert i 2026.
Eit arbeidsjern for offshoreinstallasjonar
Det 89,6 m lange konstruksjonsstøttefartøyet vil vere utstyrt med hybrid batteriframdrift og førebudd for grønt metanol som vil mogleggjere karbonnøytrale operasjonar. Der vil vere innreiing for 132 personar, av dette 110 enkeltlugarar. Det vil ha ei sentralt plassert, rørslekompensert gangbru og tårnheis for personell- og lastoverføringar, og ei 3D-kompensert kran med 5-tonns løftekapasitet. Optimalisert logistikk om bord mogleggjer stor lagringskapasitet og ei trinnlaus tilnærming til offshoreinstallasjonar. Skrogdesignet fører til framifrå sjøeigenskapar i utfordrande vêr- og bølgjeforhold.