Keel lay 20240706 NB322 4510

Milepåle for byggnummer 322 – Fullført kjølstrekkseremoni

Kjølstrekkseremonien på Crist skrogverft 6. august 2024 symboliserer at byggnummer 322 er eit skritt nærmare realisering. CSOV-fartøyet, basert på ein TWIN X-STERN-plattform som er designa av Ulstein Design & Solutions AS, vil vere i stand til å utføre eit breitt spekter av sørvisoperasjonar, inkludert konstruksjonsstøtte, drift og vedlikehald.

Nyheita om bygging av to nye konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) blei kunngjort i januar 2024. Kontraktane blei signert av Ulstein Verft og J.P. Morgan Asset Management, sistnemnde på vegne av institusjonelle investorar, og inkluderer to opsjonar. 16. mai 2024 feira vi brennestart for byggnummer 322, og no, etter at kjølstrekkingsseremonien er offisielt fullført, ser vi fram til å følge dette spennande prosjektet vidare. Etter at skroget har blitt sett saman på CRIST-skrogverftet i Polen, skal det slepast det til Ulstein Verft for dei påfølgande fasane. Fartøyet er planlagt levert i 2026. 

Eit arbeidsjern for offshoreinstallasjonar

Det 89,6 m lange konstruksjonsstøttefartøyet vil vere utstyrt med hybrid batteriframdrift og førebudd for grønt metanol som vil mogleggjere karbonnøytrale operasjonar. Der vil vere innreiing for 132 personar, av dette 110 enkeltlugarar. Det vil ha ei sentralt plassert, rørslekompensert gangbru og tårnheis for personell- og lastoverføringar, og ei 3D-kompensert kran med 5-tonns løftekapasitet. Optimalisert logistikk om bord mogleggjer stor lagringskapasitet og ei trinnlaus tilnærming til offshoreinstallasjonar. Skrogdesignet fører til framifrå sjøeigenskapar i utfordrande vêr- og bølgjeforhold.

  • Keel lay 20240706 NB322 4520
  • Keel lay 20240706 NB322 4510
  • Keel lay 20240706 NB322 4510 Copy

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

Orient Adventurer inclining test 1
Oppdatering

Krengeprøve gjennomført på Orient Adventurer: Ettermarknadstenester som gjer fartøy klare for nye roller

Ombygging og remobilisering av fartøy krev meir enn teikningar og utrekningar. Nyleg arbeid på Orient Adventurer, som no blir førebudd for kabellegging, viser kor avgjerande inngåande kunnskap om fartøyet si operasjonelle historie er for å kunne levere sikre, klassegodkjende løysingar. Gjennom ettermarknadstenestene til Ulstein støttar vi komplekse skipsoppgraderingar med ingeniørkompetanse innan stabilitet og vekt. Det inkluderer planlegging og gjennomføring av krengeprøver for ombyggings- og levetidsforlengingsprosjekt.

Ettermarknad
Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann029
Artikkel

Redningsøving utanfor Lofoten: Naudslep av MS Spitsbergen

Tysdag 24. mars blei ei omfattande redningsøving gjennomført i havet utanfor Lofoten der eit nytt naudslepesystem for skip vart testa. Cruiseskipet MS Spitsbergen med 150 passasjerar om bord, Kystvaktskipet KV Barentshav og 330- skvadronen sitt redningshelikopter SAR Queen deltok.

Skipsdesign