Potensialet er stort, anten det dreier seg om plattformforsyningsskip (PSV), konstruksjonsservicefartøy til havvind (CSOV) eller ekspedisjonscruiseskip (ECV)
Heilelektrisk CSOV
På Nor-Shipping-messa i 2022 lanserte Ulstein det banebrytande skipsdesignet ULSTEIN SX218, som er det første CSOV-skipet med ladefunksjonalitet offshore. Dette skipet er eit resultat av framstega i den elektriske framdriftsteknologien. I tillegg til å utvikle skipsdesign, byggjer også Ulstein fleire CSOV-skip. Desse er utvikla for å romme metanol som drivstoff, og med moglegheit til å integrere ekstra batterikapasitet for ein saumlaus overgang til heilelektrisk lading når den nødvendige infrastrukturen er på plass.
Heilelektrisk PSV
ULSTEIN PX132-designet vart lansert i 2023 og kombinerer teknisk innsikt med kommersiell levedyktigheit og operasjonell effektivitet.
Rett storleik har stått i sentrum for utviklinga av dette designet. Det gjer at plattformforsyningsfartøyet er svært konkurransedyktig i offshoreenergimarknaden. Det kompakte designet og den innovative TWIN X-STERN-skroglinja gir betydelege energisparande fordelar når skipet skal operere på dynamisk posisjon, og gir auka fleksibilitet i manøvrering. Utstyrt med ein stor batterikapasitet på 20 MWh og med ein rekkeviddeutvidar, set dette skipet ein ny standard i maritim transport.
Heilelektrisk cruise
Ulstein sitt første cruiseskip som kan gjennomføre heilelektriske operasjonar i nokre timar (ULSTEIN ZED) blei lansert i 2019. Sidan då har teknologien utvikla seg betydeleg. ULSTEIN SIF, som vart presentert på Seatrade Miami i 2022, opnar for ein ny æra i ekspedisjonscruise med heilelektriske batteridrivne operasjonar basert på opplading frå den thorium-drivne 'kraftstasjonen' ULSTEIN THOR.
ULSTEIN SIF er 100 meter langt og har kapasitet til å romme opptil 160 personar. Batteriløysinga fører til utsleppsfrie, støyfrie cruiseopplevingar. Anten skipet navigerer i avsidesliggande arktiske og antarktiske farvatn, eller om det går i kystnære ruter med tilstrekkeleg infrastruktur for opplading, tilbyr dette fartøyet, som er utrusta med ULSTEIN X-BOW-design, ein fantastisk komfort, operasjonell funksjonalitet og drivstoffeffektivitet.
Opplading av skip
I tillegg til å byggja nye fartøy, er omforming av eksisterande skip til batteridrift eit tiltak for operasjonar utan utslepp. Ulsteins erfaring med slike prosjekt, som til dømes Ulstein Hybrid Power Solution, viser skalérbarheita og tilpasningsevna elektriske framdriftssystem kan ha.
ENOVA-støtte
Dersom selskapet ditt er registrert i Brønnøysundregisteret, kan du få ENOVA-støtte til investeringar i heilelektriske nullutsleppsfartøy, ei ordning som vert støtta av Regjeringa. Desse initiativa omfattar også landbasert infrastruktur, inkludert ladestasjonar, og skal bidra til at berekraftige maritime løysingar vert tatt i bruk.
Teknologien er moden, og presenterer ei spennande moglegheit for framsynte investorar. Er du klar til å ta til på denne reisa?