Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann029

Redningsøving utanfor Lofoten: Naudslep av MS Spitsbergen

Tysdag 24. mars blei ei omfattande redningsøving gjennomført i havet utanfor Lofoten der eit nytt naudslepesystem for skip vart testa. Cruiseskipet MS Spitsbergen med 150 passasjerar om bord, Kystvaktskipet KV Barentshav og 330- skvadronen sitt redningshelikopter SAR Queen deltok.

Publisert
26 mars 2026
Del
Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann001

I tillegg var Hovudredningssentralane (HRS Nord og Sør), sjøtrafikksentralen i Vardø (NOR VTS), Kystverkets beredskap for forurensing i Horten og forskingsstiftinga SINTEF med. HX Expeditions, som opererer MS Spitsbergen, kalla også saman sitt kriseteam frå hovudkontoret i London.

Øvinga testa heilt ny naudslepeteknologi som inneber nye metodar for å overføre slepet, mellom anna ved hjelp av sjødrone. Dette vil bidra til å auke tryggleiken for alle skip i norske farvatn. Det er sjeldan at så mange relevante aktørar deltek i ei fullskala, realistisk øving.

Kvart år driv mellom 140 og 170 skip utan eiga maskinkraft langs norskekysten. 

Årsakene kan vere maskinproblem, vedlikehald eller propellskadar. Faren er at skipa driv inn mot kysten og grunnstøytar, med alvorlege konsekvensar som utslepp, tap av liv eller skade på utstyr og last.

Øvinga er ein del av eit større forskingsprosjekt, eit såkalla innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN), kalla EMTOW (Emergency Towing), finansiert av Noregs forskingsråd. SINTEF har vore prosjektleiar, med Ulstein Design & Solutions AS som prosjekteigar. Terje Våge, Ann Katrin Barstad, Knut Sigve Lillerovde og Børulf Lefdal har vore sentrale i Ulstein sitt EMTOW-arbeid.

Dette gir oss innsikt i korleis naudslep fungerer under realistiske forhold. Erfaringane gjer oss betre rusta til å utvikle løysingar som er trygge, enkle å bruke og tilpassa ein reell krisesituasjon.

Terje Våge, lead naval architect, Ulstein Design & Solutions AS

Bakgrunnen for prosjektet er forslag i IMO om at alle skip over 20 000 GT blir pålagde krav om dedikert naudslepeutstyr, prosedyrar og øvingar. Sjølv om Ulstein Design & Solutions AS sjeldan designar skip i denne storleiken, er engasjementet tydeleg.

– Dette handlar om tryggleik. Kunnskapen frå EMTOW er direkte overførbar til designfilosofien vår, også for mindre og mellomstore fartøy der det er krav om naudslep-arrangement basert på utstyr som allereie er om bord. 

- Enkle val, god tilgjengelegheit og løysingar som kan handterast når noko sviktar er avgjerande, seier Ann Katrin Barstad.

Når framtidige krav skal formast, er det avgjerande at dei bygger på erfaring frå verkelege operasjonar. EMTOW bidreg til å gi kundane endå sikrare fartøy som er designa for å fungere når det gjeld som mest.

Alle fotoa i denne artikkelen vart tatt av HX sin fotograf på staden, Kay Fochtmann.

Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann014

Ta kontakt

Terje Våge DSC4305 comp bw

Terje Våge

Beskrivelse
Lead Naval Architect
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Relaterte nyheiter

3 D image of the new trenching support vessel Jan De Nul ordered 2 2
Pressemelding

Jan De Nul kontraherer Ulstein Design & Solutions AS for design av subsea trenching-fartøy

Ulsteinvik, 10. mars 2026 – Jan De Nul har valt eit spesialframstilt fartøydesign frå Ulstein Design & Solutions AS til den nyaste utvidinga av offshoreflåten sin. Realiseringa av subsea trenchingfartøyet markerer ein milepåle i samarbeidet mellom to leiande maritime innovatørar. Fartøyet er planlagt levert i 2028.

Det grunnleggande designet byggjer på eit robust og globalt velprøvd subseafartøydesign.

010 Yggdrasil Feltillustrasjon Fra Hugin B Sc 01 1920x MO 2
Artikkel

Yggdrasil formar framtida for olje og gass

Etter kvart som offshore-olje- og gassutbyggingar blir meir komplekse, tenker operatørane nytt rundt korleis felt blir utforma, drifta og støtta. For Aker BP kjem denne omlegginga tydeleg til uttrykk i Yggdrasil-utbygginga, det største pågåande prosjektet på norsk sokkel.

Energi
Les fleire nyheiter