Tungløftsavdelinga i ferd med å sette katamaranen 'Erla Kongsdottir' på sjøen ved GS Marine Produksjon sitt anlegg. Foto: Egil Reidar Ørsal.

Sjøsette katamaran for GS Marine Produksjon

Onsdag 30. september 2020 var tungløftsavdelinga på plass ved GS Marine produksjon i Gursken for å sette på sjøen den 27 meter lange katamaranen 'Erla Kongsdottir', som er tiltenkt passasjertrafikk på Færøyane.

Publisert
06 oktober 2020
Del
  • Førebuing til løftet av katamaranen ved GS Marine Produksjon. Foto: Egil Reidar Ørsal.
  • Jostein Sørnes leier tungløftsavdelinga til Ulstein Verft. Med lekter, beltekran og multiwheeler utfører dei løfte- og transportoppdrag langs heile norskekysten. Foto: Egil Reidar Ørsal.

Lokalavisa Vestlandsnytt skildra oppdraget slik:

Hendinga engasjerte fleire tilskodarar ved vegen og på kaia til Gursken-bedrifta. Det var ikkje akkurat vanskeleg å sjå at noko var på gong. Ulstein si tungløft-avdeling hadde nemleg taua inn ei gigantkran, med ein løftekapasitet på 600 tonn, for å ta seg av sjølve sjøsettinga.

Då Vestlandsnytt kom til staden, fekk vi vere vitne til siste innspurten før båten fekk vatn under skroget. Veret spelte på lag, og den store krana hadde ikkje noko problem med å fullføre jobben.

Dette var trass alt ikkje å rekne som noko tungløft, skal vi tru tungløftsjefen i Ulstein, Jostein Sørnes.
- Vi kan løfte mykje tyngre enn som så, då vi vanlegvis handterer skrog i aluminium og stål, ikkje karbonfiber. Men løftet gjekk bra og vi er fornøgde, sa han.

Siste nytt

DJI 20240821190225 0194 D HDR 319 utdokking web
Oppdatering

Sjøsetting av Olympic sitt andre CSOV-skip

På onsdag 21. august 2024, ein månad etter leveringa av 'Olympic Boreas', sjøsette Ulstein Verft 'Olympic Notos',  som er det andre havvindskipet av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV) for Olympic. Begge fartøya er baserte på den innovative TWIN X-STERN-løysinga, eit konsept omtala som ein ‘firehjulstrekk' for havet.

DSC4731 comp bw

Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tilknytning
Ulstein Verft AS