Ulstein and Fosen joined forces on Color Line innovative project

2017: Verdas største plug-in hybridskip er tildelt Next Generation Ship Award

Ved opningsseremonien til Nor-Shipping-utstillinga, blei plug-in hybridskipet «Color Hybrid» kåra til vinnar av Next Generation Ship Award. Prisen vert delt ut annakvart år. Fartøyet er designa av Fosen Yard og vert bygd av Ulstein Verft for eigaren Color Line. Prisen blei utdelt av H.K.H Kronprins Haakon.

Publisert
30 mai 2017
Del
  • Next Generation Ship Award 2017 Announcement
  • Ulstein Verft sales representatives Rolf Petter Almli and Kristian Sætre celebrating the Next Generation Ship Award 2017.

Med fokus på innovasjon, heidrar prisen det mest lovande design på skip som skal sjøsettast det komande tiåret.

– Vi er stolte av å vinne denne prestisjefylte prisen, og det er svært gledeleg at norsk verftsindustri har vist seg internasjonalt konkurransedyktig, og at Color Line bidreg til ei vidareutvikling av ei meir miljøvennleg norsk maritim næring, seier konsernsjef i Color Line, Trond Kleivdal.

– Dette er ein viktig milepæl for oss, og vi ser frem til ein nyskapande prosess og eit godt samarbeid med Color Line dei neste to åra, seier konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein.

«Color Hybrid» er eit plug-in hybridskip, der batteria vert lada opp via ein straumkabel med miljøvennleg straum frå eige landstraumanlegg, eller ved at batteria vert lada om bord frå skipet sine generatorar.

- Satsing på miljø og berekraft er ein akselerator for Color Line, som har installert landstraumanlegg i alle hamner som selskapet har anløp i Noreg, seier Trond Kleivdal.

Det nye skipet skal leverast våren 2019, og skal trafikkere ruta mellom Sandefjord og Strømstad. Skipet vil gå på batteri inn og ut av fjorden til Sandefjord. Skipet vil derfor ikkje gi utslepp av skadelege miljøgassar eller nitrogen- og svovelforbindelsar til luft i området. Skipet tar også i bruk nye løysingar for støyreduksjon. Den ytre støyen ved lav hastigheit målt i 100 meter avstand frå fartøyet, vil vere langt lavare enn støyen som kjem frå ein normal samtale.

I følge juryen viser årets vinnar innovasjon og ein ambisjon som leier den maritime næringa vidare til ei grønare, meir lønsam og meir berekraftig framtid.

Hybridskipet vil vere 160 meter langt og ha ein kapasitet på 2 000 passasjerar og 500 bilar.

«Color Hybrid» – hovedfunksjonar

  • Spesialkonstruert for lav miljøpåverknad og høg energieffektivitet – med blant anna plug-in hybridteknologi
  • Full batteridrift og nullutslepp inn og ut av Sandefjordsfjorden
  • Svært støysvak, både under drift med batteri og med konvensjonelle motorar og under landligge i hamnene
  • Batteripakke på cirka 5 MWh muliggjer opp til 60 minutt manøvrering og segling i 0–12 knop
  • Effektivt varmegjenvinningssystem ved bruk av varmtvassreservoaret om bord (WHR - Waste-heat-recovery system)

Sist gong Next Generation Ship Award vart delt ut, i 2015, gjekk prisen til Ulstein sin X-STERN®-design.

Siste nytt

Ulstein
Pressemelding

Redusere kostnader i W2W-operasjonar: Ei ny tilnærming til fartøysdesign

Dagens havvindparkar vert drifta av små dagsturbåtar, 'Crew Transfer Vessels' (CTV-ar) eller helikopter, eller av serviceskip av typen Service Operation Vessels (SOV-ar) for lengre periodar som krev overnattingskapasitet. Enn om der fanst ein CAPEX-smart design som reduserer byggjekostnadene med meir enn 50 % samanlikna med ein SOV og som kan supplere SOV-ane på dei fleste oppgåvene?

Ulstein
Pressemelding

Ulstein designar banebrytande tungløftsfartøy for Penta-Ocean Construction

Japanske Penta-Ocean Construction har gitt Ulstein Design & Solutions B.V. , Rotterdam, oppdraget med å designe sitt nye tungløftsfartøy for installasjon av havvindfundament. Skipet er basert på ein versjon av designet ULSTEIN HX118 og vil ha ei 5 000-tonns kran frå Huisman og hekkforma ULSTEIN U-STERN™, som gjer det mogleg å installere dei stadig større monopålefundamenta.