Yno 31H - Støbakk

B.nr. 31H - Byggår 1967, Rederi: Harald Støbakk, Godøy. Bygd ved Hatlø Mek. Verksted

Yno 31H Støbakk
  • Lengde: 46.42 m
  • Breidde: 8.5 m
  • Brutto tonnasje: 483 tonn
  • Fart: 12.5 knop
  • Hovedmotor: 1100 Hk
  • Skipstype: Linebåt
  • Andre skipsnamn: "Jøkul", "Lafjell", "Elisabeth", "Elisabeth II", "New Baltic", "Staalhav", "Nyskjer"

Historie:
Bygd som linebåt, fiska ved Grønland til 1971.

Frå lokalavisa 'Vikebladet', 21. mars 1967:

'Støbakk' er, så vidt vi veit, første nybygget som har heilt overbygd arbeidsdekk, som vert oppvarma av eit oljefyrt varmluftsanlegg. Arbeidsdekket er praktisk innreidt, og gjev ein lun og god arbeidsplass. Innfrysingsromet er plassert på hoveddekk og har eit volum på 75 kubikkmeter. Under dette er eit lagerrom på 85 m3. Lasteromet som har ei total lengde på 18 m, er delt i to og har eit samla volum på 430 m3 og vil gje plass til ca 400 tonn saltfisk. Alt arbeid verkar svært solid, og reiarane har all grunn til å gle seg til å overta denne pene, praktiske og vel utstyrte linebåten.


1971: Seld til P.R.Jøkul i Syvde. Dei fjerna shelterdekket, bygde om båten til kraftblokk. Den fekk namnet "Jøkul"
1972: Fekk montert nytt shelterdekk
1977: Hovedmotoren ble utskifta til 1710 Hk
1994: Seld til Ole Rasmus Møkster og skifta namn til "Lifjell"
1998: Seld til Lars Magne Eidsvik og skifta namn til "Elisabeth"
2001: Nytt namn "Elisabeth II" (September)
2001: Nytt namn "New Baltic" (Oktober)
2009: Nytt namn "Staalhav"
2010: Nytt namn "Nyskjer"
2016: Fortsatt aktiv - IMO 6704921. Eigar og driverselskap er Ingvar Nygård, Misund, Norge, Flagg: Molde, Norge