Yno 32H - Zeta

B.nr. 32H - Byggeår 1967. Rederi: P/R Zeta, Fosnavåg. Gudmor: Kona til reiaren, fru Dorthea Sævik. Bygd ved Hatlø Verksted.

  • Yno 32 H Zeta
  • Lengde: 140 fot (42,42 m) 
     
  • Bredde: 8,5 m 
     
  • Brutto tonnasje: 433 tonn 
     
  • Fart: 12,9 knop 
     
  • Hovedmotor: MWM Effekt: 1100 Hk 
     
  • Skipstype: Ringnotsnurpar
  • Andre skipsnamn: "Torson"

 

HISTORIE: 

 

Frå lokalavisa 'Vikebladet' i mai 1967:

Bygd for kraftblokkfiske med ringnot og er også klassa i Veritas for føring av laus sild i romet. Elles kan båten lettvint byggast om for linefiske, og i maskinromet er det plass for frysemaskineri. 
Nich. Sævik, ein av reiarane, retta ein takk til verkstedet, og uttala at dei var svært nøgde med båten dei no hadde overtatt. "Alt er solid og pent. Det kan sjå ut som om det er for mykje luksus, men når ein veit at fiskarane skal ha arbeidsplassen sin ombord i ein båt heile året, bør dei ha krav på all mogleg komfort."
 

Dette vart også ein storfiskar. 
1967: Nytt namn "Torson"
1970: Forlenga til 152 fot. 
1972, 1975, 1978: Diverse ombygginger, fekk shelterdekk. 
1979: Forlenga til 156 fot. 
1982: Seld til AS Jacobsen & Sønner, Tromsdalen. 
1983: Forlenga til 173 fot. 
1987: På veg heim frå Jan Mayen med loddelast, forliste båten og sokk på 1300 metres djup, alle ombord vart redda. Båten vart 20 år gammal - IMO 67133312