Yno 3H - Vesturhavid Blida

B.nr. 3H - Byggeår 1956. Rederi: D.P. Høsgård, Toftir, Færøyane. Bygd ved Hatlø Verksted.

Yno 3 H Vesturhavid Blida
  • Lengde: 111,1 fot (33,79 m)
  • Bredde: 6,9 m
  • Brutto tonnasje: 198 tonn
  • Hovedmotor: Alpha Diesel 300 Hk
  • Skipstype: Linebåt
  • Andre skipsnamn: "Saltstein", "Frøyfisk"

 

HISTORIE: 
Dette var første båten av ein serie på 16 linebåtar til Færøyane og innleia ei ny tid med langt fleire effektive fiskefartøy enn dei gamle sluppane og trålarane. Dette opna for vidare internasjonalisering av verfta på Møre. Båten dreiv linefiske ved Grønland. 
1968 Kjøpt av Mads Bjørnerem på Valderøy. Den vart omdøpt til "Saltstein". Bjørnerem dreiv linefiske i Atlanteren rundt Rock All. Dette var første båten i Giske med autolinesystem. 
1973 Seld til Harald Røsvik på Vigra og dreiv vidare som banklinebåt. 
1975 Vart seld på nytt, denne gangen til Kåre Djupvik, Fiskerstrand. 
1978 Seld til Johan Frøystad, Frøystadvågen i Herøy. Båten skifta namn til "Frøyfisk" M-339-HØ. Den dreiv garn og linefiske. 
1977 Ny Alpha Dieselmotor på 550 Hk vart innmontert. 
1986 Båten vart overteken av Statens Fiskarbank. 
1992 Stroken i DnV og Skipsregisteret som kondemnert. Låg fleire år i opplag ved Ødegaard i Ålesund. Den fekk soleis eit langt liv.

IMO 5379339