Naming of ALP Striker

Døypte første havgåande slepebåt til ALP

ALP Striker vart døypt 13. mai 2016. Dette er det første av fire havgåande slepebåtar/ankerhandteringsfartøy (AHTS) til ALP Maritime Services. Kvart av dei har ei slepekraft på kring 300 tonn.
Published
19 May 2016
Share

Skipa er av SX157-designet, og er ein del av ALP si 'Future class'. Skipa har ei servicefart på 13 knop og ei toppfart på 19 knop. Med ein drivstoffkapasitet på meir enn 3500 m3, kan dei taue for full kraft i 45 dagar, noko som gjer at dei kan utføre oppdrag på tvers av dei store verdshava utan noko opphald.
Skipa er bygde av Niigata Shipbuilding & Repair i Japan.

Skipa vart spesielt utvikla til dette prosjektet i nært samarbeid mellom skipsdesignselskapet Ulstein Design & Solutions AS og skipseigar ALP Maritime Services, sistnemnde er eit underselskap av Teekay Offshore Partners L.P.

Ein havgåande slepebåt skal typisk slepe oljeriggar eller FPSO-ar (flytande produksjonssystem) frå byggeverfta til installasjonsområda på oljefelta. I tillegg vert desse skipa utrusta med dynamisk posisjonering klasse II og ankerhandteringskapasitet for å kunne assistere under installasjons ? og tilkoplingsfasen til dei taua objekta. Skipa er 88,9 meter lange og 21 meter breie.

Då kontrakten vart skriven var dette ein ny marknad for Ulstein, og den største enkeltkontrakten til då for Ulstein Design & Solutions AS.

I arbeidet med utviklinga av designet måtte Ulstein syte for at kvart skip har tilstrekkeleg slepekraft og driftssikkerheit til å kunne handtere også dei aller tyngste slepa ved hjelp av berre to fartøy. Miljø og drivstofføkonomisering har også vore viktige kriterium. Skipa er klassifiserte med DNV sine klassenotasjonar Clean Design og isklasse 1B, noko som gjer at skipa kan operere i eit utvida arbeidsområde. Dei er i tillegg utstyrte som ankerhandteringsfartøy, som mellom anna inkluderer hekkrull, ein tretromla vinsj med 400 tonns hivekraft, og med kjettinglås for riggkjetting. Innreiinga for 35 personar er romsleg og komfortabel med tanke på at skipa skal opphalde seg i lange periodar på sjøen.

Ulstein har også hatt ansvar for leveransane av hovudkomponentar som motorar, thrusterar og propellar, vinsj, kraftdistribusjon og thruster drives, kontrollsystem og kommunikasjonssystem.

Dei tre søsterskipa er I ulike skipsbyggingsfasar. Skip nummer 2, ALP Defender, er det neste som blir ferdigstilt, medan skip nummer 3, ALP Sweeper vart sjøsett 7. mai 2016. Det fjerde skipet får namnet ALP Keeper.

Hovudkarakteristikkar:
Langdistansetauing
Stor slepekraft: Kan taue svært store flytande objekt
Tilleggsytingar: Ankerhandtering, posisjonering, forankring
Dynamisk posisjonering klasse II (DPII)
For arbeid over heile verda
Optimale sjøeigenskapar (ULSTEIN X-BOW®)
Drivstofføkonomisk
Clean Design
Komfortklasse Comf-V (3)
Isklasse 1B
Brann-nedkjemping (FiFI II)
Lastedekksareal: 550 m2
Fire motorar, kapasitet 18000 kW / 600 rpm
Dekkslast 2400 tonn ? 10t/m2 max
Dødvekt 4250 tonn

Get in touch

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Description
Commercial Director
Affiliation
Ulstein Design & Solutions AS

Latest news

SX225 Ulstein Dec23 Cable Lay Ops SB Fore 2880px
Feature

Solving the cable laying challenge

In the vast expanse of offshore wind energy, cable-laying vessels are essential—the silent architects of our renewable future. As wind farms grow larger and more ambitious, the demand for efficient cable installations has intensified. Enter the ULSTEIN SX225, a vessel designed to tackle the challenges head-on.

Windea Leibniz Matthias Giebichenstein cmyk Per Eide
Feature

Dedication to offshore wind

Offshore wind energy generation is one means to reach international climate goals. Ulstein has developed offshore wind designs since 2006. The designs draw on our broad experience in oil and gas, and range from new turbine installation concepts to foundation installation vessels and service operation vessels.

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Affiliation
Ulstein Design & Solutions AS