Color Hybrid 'Ship of the Year 2019'

Color Hybrid vart ‘Årets skip 2019’

Verdas største plug-in hybridfartøy, Color Hybrid, er utnemnd til 'Årets Skip 2019'. På vegner av Ulstein Verft tok konsernsjef Gunvor Ulstein i mot prisen frå HKH Kronprins Haakon på Nor-Shipping-messa 4. juni 2019.

Ship of the year color hybrid

Ship of the Year'-utdelinga på Nor-Shipping, Lillestrøm.

Color Line-skipet vert bygd av Ulstein Verft. Byggnummer 311 er designa av Fosen Yard, og vil bli sett i teneste på linja Sandefjord - Strömstad.

'Color Hybrid' under sjøsettinga ved Ulstein Verft i april, foto Per Eide Studio.

Med ei batteripakke på 4,7 MWh vil Color Hybrid kunne sigle 12 nautiske mil berre på batteristraum, ladda med straum i Sandefjord.

- Ulstein har gjennom dei siste 100 åra utvikla ein solid kompetanse innan skipsbygging. For oss er denne prisen ei anerkjenning av verdiane våre om å tenke nytt, å engasjere og utfordre det eksisterande samt å levere kvalitet til våre kundar. Vi deler denne prisen med alle våre tilsette, og heile den norske maritime klynga, sa Gunvor Ulstein i talen sin. Ho takka også reiarlaget, Color Line, for den tilliten dei synte ved å plassere bygginga av dette innovative og miljøvenlege skipet ved Ulstein Verft.

Skipet er 160 meter langt og 27,1 meter breitt, og har kapasitet til å transportere 2000 passasjerar og 500 personbilar.

‘Årets Skip’-utmerkinga vert delt ut årleg av det maritime magasinet Skipsrevyen. Dei nominerte vert føreslegne av magasinet sine lesarar, og vinnaren vert kåra av ein fagjury. Innovasjon er eitt av dei viktigaste kriteria for å vinne.

Meir enn 70 prosent av leveransane til ‘Color Hybrid’ kjem frå bedrifter i den norske maritime klynga.

Siste nytt

ULSTEIN Navy2025 Dec25 SB Duo
Artikkel

Ulstein-design for standardiserte sjømilitære fartøy

Med over 100 års erfaring innan skipsbygging er Ulstein ein sentral aktør i den norske maritime klynga, kjend for innovasjon innan skipsdesign og prosjektering av disse. Frå offshorefartøy som opererer i dei mest vêrharde havområda til ekspedisjonscruiseskip i polare strøk, har selskapet vist evne til å levere avanserte og pålitelege plattformer. Denne erfaringa er grunnlaget når Ulstein no utviklar konsept for standardiserte sjømilitære fartøy til Sjøforsvaret. Skipa skal dekke marinen sitt behov for avanserte, pålitelege og effektive fartøyplattformer. 

Sjøforsvaret
N Xyyy Navy v3 Nov25 Sea Mil Ops Interceptor SB Aft Low
Pressemelding

Verftssamarbeid for å realisere Sjøforsvarets standardiserte sjømilitære fartøy

Sjøforsvaret har ambisjon om å anskaffe serieproduserte, standardiserte sjømilitære fartøy. Dette stiller krav til skip som er allsidige, robuste og framtidsretta, men likevel kostnadseffektive å bygge. Få verft i Noreg kan møte denne utfordringa. Saman har Larsnes Mek. Verksted (Larsnes) og Ulstein Group (Ulstein) lang erfaring og gode referansar med design, bygging og vedlikehald av fartøy, og samarbeider for å tilby ei løysing som sikrar effektiv produksjon av sjømilitære fartøy.  

Sjøforsvaret