Keel laid for Olympic yno 319 CSOV

Kjølstrekk for Olympic sine CSOV-ar frå Ulstein

Produksjonen av dei to havvindserviceskipa (Construction Service Operation Vessels) som Olympic bestilte frå Ulstein i 2022 er godt i gang ved skrogverftet CRIST. 14. mars 2023 vart kjølen lagt for fartøy nummer to, byggnummer (bnr) 319. Kjølen til søsterfartøyet, bnr 318, vart lagt den 31. januar i år.

Publisert
16 mars 2023
Del
TWIN X-STERN: ULSTEIN SX222 CSOV-design for Olympic.

Dei to fartøya er designa for havvindindustrien og er baserte på det nyutvikla og prisvinnande TWIN X-STERN-skrogdesignet frå Ulstein Design & Solutions AS. TWIN X-STERN, med hovudpropelleiningar i kvar ende, reduserer energiforbruket til eit nytt nivå når det ligg i posisjon ved vindturbinane.
 

Medan dei to fartøya blir bygde på skrogverftet, vert det i Ulstein arbeidd med prosjektleiing, planlegging og oppfølging, innkjøp og engineering. Det første skroget blir forventa å kome til Ulstein Verft i siste kvartal i år for utrusting og ferdigstilling.

Olympic's Runar Stave and Rune Grande together with CRIST representative, Jakub Sobotko.

Fartøya er baserte på ULSTEIN SX222-designet. Dei har hybrid batteridrift og er førebudde for metanol som drivstoff for å gjere nullutslepp mogleg.

INVESTERING I DEN NORSKE MARITIME KLYNGA

Rederiforbundet sitt årlege økonomiske barometer viser at dei norske reiarlaga samla auka inntektene med 25 prosent i fjor. Etterspurnaden etter skip og maritime tenester har auka og forventningar om vidare vekst blir spegla i ambisjonane til reiarlaga om å bygge nye skip. Den største veksten i kontraktsplanar blir forventa å komma innan offshore service: I 2020 vart det samla talet potensielle nybygg i dette segmentet sett til 25 skip, medan dette talet no har stige til 84 skip. Ein stor del vil vere fartøy til havvindindustrien. Kontrakten mellom Olympic og Ulstein vert framheva i årets barometer.

Olympic sin flåte arbeider innan subsea og fornybar energi.

Konsernsjef Stig Remøy i Olympic Group har vore bestemt på at han ønskte å bygge ved eit norsk verft.

- Som eit lokalt reiarlag har det vore viktig for oss å satse på den maritime klynga. Med verft, designar, leverandørar og Vartdal Invest som medinvestor er dette eit prosjekt med sterk lokal forankring, understrekar han.

– For oss vil det vere avgjerande at fartøya vert leverte til rett tid og kvalitet, og dette er det Ulstein Verft er kjende for.

AMBISJONAR OM GRØN OMSTILLING

Barometeret slår òg fast at den maritime næringa har store ambisjonar om ei grøn omstilling: Skal vi behalde posisjonen som verdsleiande på maritim innovasjon, vert det kravd framoverlente reiarlag, framifrå maritim kompetanse, og ein teneste- og leverandørindustri som er rigga for å levere dei løysingane vi er avhengige av for å lukkast. Men den viktigaste forutsetninga for ei sterk og innovativ maritim næring er at vi har ambisiøse politikarar som legg til rette for vekst og omstilling gjennom stabile og konkurransedyktige rammevilkår.

- Eg støttar dette fullt ut, seier konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti.

- Ein ordre ved eit norsk verft gir viktige ringverknader i heile klynga. Med det noverande krevjande økonomiske og politiske landskapet, er kontraktane med Olympic eit resultat av eit pragmatisk og godt samarbeid mellom partane, der begge partar har strekt seg langt for å finne gode og berekraftige løysingar.

MOGLEGGJER NULLUTSLEPP I HAVVIND

ULSTEIN SX222-fartøya har ei lengde på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter. Dei har plass til 126 personar fordelt på 91 lugarar. Skipa er førebudde for framtidige krav på havvindfelta. Fartøya har dieselelektrisk framdrift med variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Skipa er førebudde for metanoldrift og det er sett av plass for ytterlegare batterikapasitet for heilelektrisk drift når infrastrukturen til lading har kome på plass.

Skrogforma og det hybride framdriftssystemet sikrar høge operasjonelle ytingar, gode sjøeigenskapar og redusert miljøavtrykk.

Desse kontraktane er viktige òg for Ulstein Power & Control AS som skal levere ei omfattande kraft- og automasjonspakke, inkludert ein stor batterileveranse.

Siste nytt

ULSTEIN Navy2025 Dec25 SB Duo
Artikkel

Ulstein-design for standardiserte sjømilitære fartøy

Med over 100 års erfaring innan skipsbygging er Ulstein ein sentral aktør i den norske maritime klynga, kjend for innovasjon innan skipsdesign og prosjektering av disse. Frå offshorefartøy som opererer i dei mest vêrharde havområda til ekspedisjonscruiseskip i polare strøk, har selskapet vist evne til å levere avanserte og pålitelege plattformer. Denne erfaringa er grunnlaget når Ulstein no utviklar konsept for standardiserte sjømilitære fartøy til Sjøforsvaret. Skipa skal dekke marinen sitt behov for avanserte, pålitelege og effektive fartøyplattformer. 

Sjøforsvaret
N Xyyy Navy v3 Nov25 Sea Mil Ops Interceptor SB Aft Low
Pressemelding

Verftssamarbeid for å realisere Sjøforsvarets standardiserte sjømilitære fartøy

Sjøforsvaret har ambisjon om å anskaffe serieproduserte, standardiserte sjømilitære fartøy. Dette stiller krav til skip som er allsidige, robuste og framtidsretta, men likevel kostnadseffektive å bygge. Få verft i Noreg kan møte denne utfordringa. Saman har Larsnes Mek. Verksted (Larsnes) og Ulstein Group (Ulstein) lang erfaring og gode referansar med design, bygging og vedlikehald av fartøy, og samarbeider for å tilby ei løysing som sikrar effektiv produksjon av sjømilitære fartøy.  

Sjøforsvaret