Tungløftsavdelinga i Ulstein Verft tek på seg oppdrag langs heile norskekysten. Med ferdigrigga beltekran på lekter kan vi starte oppdraget med det same vi kjem fram. Krana kan også køyre på ulendt underlag. Følg oss på Facebook.

Løfte- og transportoppdrag for Island Offshore
I juli 2020 vart tre objekt transporterte og løfta for reiarlaget Island Offshore. Blant desse var boligmodulen på biletet med ei vekt på 107 tonn. I tillegg vart det løfta eit ROV-dekk på 64 tonn og ein vinsj på 170 tonn. Alt blei løfta på land på Ulmatec Hareid på lager for Island Offshore.
Ta kontakt

Jostein Sørnes
- Beskrivelse
- Section leader Heavy Lift/NDT operator
- Tilknytning
- Ulstein Verft AS
Siste nytt
Oppdatering
Byggnummer 328: Kjølstrekk for OMS sitt kabelleggingsfartøy
Kjølstrekkseremonien for Ulstein Verft sitt byggnummer 328, det fiberoptiske kabelleggingsfartøyet CS Resilience, er gjennomført ved CRIST-verftet i Polen. Fartøyet er det første av to som blir bygde for malaysiske OMS Group.

Pressemelding
Ulstein Verft styrkar tungløftskapasiteten med ny hall
Bygginga av eit nytt hallbygg for tungløftsavdelinga ved Ulstein Verft er i gong. Hallen skal stå ferdig i november 2026 og er eitt av fleire tiltak som inngår i den langsiktige utviklinga av verftet sitt anlegg, arbeidsmiljø og tenestetilbod.

Oppdatering
Nye ettermarknadskontraktar i Ulstein Verft sikrar aktivitet inn i 2027
Ettermarknadsavdelinga i Ulstein Verft har dei siste vekene sikra fleire nye oppdrag som gir eit godt aktivitetsnivå dei komande månadene.
