Farland ULSTEIN PX121 design

Norside kjøper plattformforsyningsskipet 'Farland'

Reiarlaget Norside overtek Blue Ship Invest sitt plattformforsyningsfartøy ‘Farland’ og skal byggje det om til walk-to-work-fartøy for havvindindustrien.

Published
19 januar 2022
Share

- Skipet har i dag innreiing for 22 personar, og vil etter ombygginga ha innreiing for 60 personar. Det skal installerast ein ny innreiingsmodul, ei batteripakke og dessutan gangveg og kraner, fortel CEO Hans Martin Gravdal i Norside.
 

Skipet er eit design frå Ulstein av typen PX121, eit svært fleksibelt design som kombinerer eit transitteffektivt skrog med stort dekksareal. Det gir lavare drivstofforbruk og dermed reduserte skadelege utslepp, samtidig som operasjonsevna er høg.

- Det er gledeleg å sjå at eit PX121-design vert ombygd til bruk i den veksande havvindindustrien, noko som gir skipet eit nytt liv inn mot fornybar-marknaden, seier konsernsjef i Ulstein, Cathrine Kristiseter Marti.
 

OSM Offshore Bergen/Vestland Offshore skal drifte skipet, som skal operere under det nye namnet ‘Norside Cetus’. Skipet vart opphavleg bygd ved Ulstein Verft og levert under namnet ‘Blue King’ i 2016.

Get in touch

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Description
Managing Director
Affiliation
Ulstein Verft AS

Latest news

Orient Adventurer inclining test 1
Oppdatering

Krengeprøve gjennomført på Orient Adventurer: Ettermarknadstenester som gjer fartøy klare for nye roller

Ombygging og remobilisering av fartøy krev meir enn teikningar og utrekningar. Nyleg arbeid på Orient Adventurer, som no blir førebudd for kabellegging, viser kor avgjerande inngåande kunnskap om fartøyet si operasjonelle historie er for å kunne levere sikre, klassegodkjende løysingar. Gjennom ettermarknadstenestene til Ulstein støttar vi komplekse skipsoppgraderingar med ingeniørkompetanse innan stabilitet og vekt. Det inkluderer planlegging og gjennomføring av krengeprøver for ombyggings- og levetidsforlengingsprosjekt.

Ettermarknad
Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann029
Artikkel

Redningsøving utanfor Lofoten: Naudslep av MS Spitsbergen

Tysdag 24. mars blei ei omfattande redningsøving gjennomført i havet utanfor Lofoten der eit nytt naudslepesystem for skip vart testa. Cruiseskipet MS Spitsbergen med 150 passasjerar om bord, Kystvaktskipet KV Barentshav og 330- skvadronen sitt redningshelikopter SAR Queen deltok.

Skipsdesign