TWIN X-STERN, eit ULSTEIN SX222-design sett frå undersida

Subsea og kabellegging – dei neste bruksområda for TWIN X-STERN

ULSTEIN TWIN X-STERN vert omtalt som '4-hjulsdrift på havet' og har vunne prisar for si framifrå manøvreringsevne.  Til no har denne innovative funksjonen blitt designa inn i ti nybygg, alle desse skipa er utvikla for walk-to-work-marknaden og dei er opp til 90 meter lange. Subsea og kabellegging er dei neste sannsynlege segmenta som vil kome til å ta i bruk TWIN X-STERN.

TWIN X-STERN kan skildrast som eit dobbelt hekkoppsett under vasslinja, med hovudpropellar i kvar ende. Dette gjer skipet smidig å manøvrere med mjuke rørsler,  noko som igjen fører til betre drivstoffeffektivitet - ein kritisk faktor for å oppnå meir berekraftige og effektive maritime operasjonar.

TWIN X STERN Nor Shipping 2022 1

Olympic Boreas på prøvetur - Første fullskalatest

Den nylege prøveturen til Olympic Boreas markerte den første testen av TWIN X-STERN sine unike eigenskapar i fullskala i eit ekte miljø. Testresultata stadfesta dei forventa gode eigenskapane.

20240602 DJI 20240602193649 0029 D OCLINM3 P MARTIN GISKEGJERDE OCLIN

Allsidig på tvers av fartøyoperasjonar og storleikar

Dei ti TWIN X-STERN-nybygga som for tida er under konstruksjon er alle designa som konstruksjons-/serviceskip (Construction Service Operation Vessels - CSOV) til offshore-energiindustrien. TWIN X-STERN sin funksjonalitet strekker seg utover desse spesifikke operasjonane. Prinsippa og fordelane bak TWIN X-STERN, som gjer at skipet er eksepsjonelt smidig og fleksibelt og med eksepsjonell manøvreringsevne, gjer at løysinga kan takast i bruk på ei rekke fartøytypar og storleikar.

Alle dei kontraherte TWIN X-STERN-fartøy til no varierer frå 80 til 90 meter i lengd. Likevel er ikkje TWIN X-STERN-løysinga avgrensa av lengd. Ein ser tydeleg gevinst i å ta TWIN X-STERN i bruk på eit breitt spekter av fartøylengder, frå det 69 meter lange havvindserviceskipet av typen ULSTEIN SX234  til det 170 meter lange kabelleggingsskipet ULSTEIN SX225.

Utviding av operasjonelt omfang 

TWIN X-STERN-konseptet oppstod innan det som vert kalla walk-to-work-marknaden, det vil seie skip der ei gangbru på skipet leier teknisk mannskap over til offshoreinstallasjonar. I denne marknaden vart den første bruksnytta identifisert, og utfordringane TWIN X-STERN løyser blei der anerkjend.

Vi forventar at subsea-operasjonar og kabellegging vil vere dei neste sektorane som dreg nytte av desse allsidige fartøya. 

I walk-to-work-operasjonar vert det ei vesentleg tidsbesparing ved TWIN X-STERN si evne til å gå raskt att og fram i transitt. TWIN X-STERN forbetrar også evna til å operere med hekken eller baugen mot vêret, og eliminerer behovet for at fartøyet må reorientere seg dersom sjøtilstanden endrar seg. Dette aukar det operasjonelle vindauget, ein funksjon som er spesielt viktig for andre energifartøy, som subsea- og kabelleggingsfartøy. Kabelleggingsfartøy, som oppheld seg over lengre tid til sjøs, har avgrensa fleksibilitet til å justere kursen mot vêret fordi det er den endelege posisjonen til kabelen som bestemmer kursen. TWIN X-STERN sine sjøeigenskapar vil vere avgjerande i framtidige kabelleggings- og subseaoperasjonar, og mogleggjer tryggare og meir effektive operasjonar.

Manøvrerbarheit og funksjonalitet er nøkkelen til fartøyet si konkurranseevne og operasjonelle effektivitet innan alle dei tre segmenta: walk-to-work, kabellegging osg subsea. 

Introduksjon av TWIN X-STERN til nye marknadssegment

Den opphavlege første skissa av ULSTEIN TWIN X-STERN er i midten, omgitt av nyare applikasjonar - eit perfekt døme på stegvis innovasjon.

Collage pictures TWIN X STERN

Fleksibel layout for auka lastekapasitet

Storleiken på dekkområdet er ein kritisk faktor for å bestemme mengda last som kabelleggings- og subseafartøy kan frakte på dekk. På slike fartøy kan ein avrunda hekk, som på TWIN X-STERN, vere avgrensande. Det er likevel mogleg å inngå kompromiss på forma av hekken over vasslinja og behalde den firkanta forma på dekket for å maksimere lastekapasiteten.

Global skipsbygging og operasjonar

Seks av dei kontraherte TWIN X-STERN-fartøya skal byggast ved Ulstein Verft, medan fire vert bygde ved eit eksternt verft. Alle er utvikla for å tole tøffe forhold på havet. Ulstein Design & Solutions AS står bak designa, eit selskap kjend for sine innovative og robuste fartøydesign.

TWIN X-STERN er konstruert for alle hav. Sjølv om dei første skipa no tek form i Europa, er ei mengd av Ulstein sine skipsdesign bygde i den asiatiske marknaden.

Ta kontakt

Jose Agis DSC4273 comp bw

Jose Jorge Garcia Agis

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein International AS

Relaterte nyheiter

Jose Agis DSC4273 comp bw

Jose Jorge Garcia Agis

Managing Director

Tilknytning
Ulstein International AS