03 06 24 318 Olympic boreas WEB 8897

Prøvetur med første CSOV ga meirsmak for Olympic

10. juni 2024: Byggnummer 318 frå Ulstein Verft fullførte prøveturen sin i helga. Det førsteklasses CSOV-havvindserviceskipet inkluderer avanserte energisystem og ULSTEIN TWIN X-STERN-løysinga i ein prototypkombinasjon.

"Dei involverte deltakarane frå Olympic og Ulstein på prøveturen er svært nøgde med resultata", seier prosjektleiar Helge Torvik i Ulstein Verft. Olympic sin Site manager Harald Leif Hansen følgjer nybyggprosjektet nøye, og han fortel:

Fartøyet har eit svært innovativt framdriftssystem som reduserer drivstoff-forbruket betydeleg og gjer det enkelt å manøvrere. Skipet går om lag like fort både bakover og framover. Vi er veldig nøgde med fartøyet etter desse første erfaringane på sjøen. Det er imponerande kor lite sjø skipet dreg med seg og kor lite bølgjer det lagar!

Dette er det første av to konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) for Olympic. Fartøyet blei dokka ut frå Ulstein Verft 6. april. For første gang ser ein dei unike eigenskapane til TWIN X-STERN i full skala og sitt naturlege miljø. Designet kan kjennast igjen med ein "dobbel akter- konfigurasjon", med hovudpropellar i begge endar. Dette gjer det enklare å manøvrere fartøyet, det går roleg i sjøen, noko som igjen gjev betre drivstoffeffektivitet. Dette er eigenskapar som er avgjerande i satsinga på meir berekraftige og effektive operasjonar ved vindfarmane.

Dette skipet vil vere eit godt verktøy til bruk i havvindparkane, med dei gode sjøeigenskapane, maskineri som er arrangert for lågt støynivå og flotte fasilitetar i innreiinga.  Vi trur dette vil bli ein suksessfaktor for reiarlaget, med stor etterspurnad frå kundane våre etter dette og liknande type skip.

Harald Leif Hansen, Site manager, Olympic.

Harald fortel vidare at; 

Dei energisparande løysingane til dette fartøyet og søsterskipet, bygg nummer 319, som no er i gang med utrusting ved Ulstein Verft, vil spare drivstoffkostnader i framtidige operasjonar.

Skipet har vorte utvikla i nært samarbeid mellom Olympic og designselskapet Ulstein Design & Solutions AS. 

Kraftsystemet er levert og utvikla av Ulstein Power & Control. I denne løysinga vert eit stort batterisystem og generatorar for variabelt turtal kombinerte slik at kraftproduksjonen, saman med framdriftssystem og kraftfordelinga, blir optimal. Alle styringssystem er baserte på ULSTEIN X-CONNECT-plattforma.

For å støtte systemet sine mange kraftmodusar er eit avansert modusdriftssystem implementert for grøn drift av fartøyet. Kraftsystemet er òg utstyrt med fullintegrert landstraumtilkopling for lading og utsleppsfri kailigge.

Olympic Boreas er nominert til årets skip 2024!

 Les meir og stem her

  • 03 06 24 318 Olympic boreas WEB 8859
  • 03 06 24 318 Olympic boreas WEB 8911 v2
  • LG Boreas trial 18 WEB
  • 03 06 24 318 Olympic boreas WEB 8990
  • 03 06 24 318 Olympic boreas WEB 9006
  • 03 06 24 318 Olympic boreas WEB
  • 03 06 24 318 Olympic boreas WEB 2
  • 03 06 24 318 Olympic boreas WEB 8967
  • 03 06 24 318 Olympic boreas WEB 8945

Ta kontakt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS