03 06 24 318 Olympic boreas WEB 8812 3 16 9

"Olympic Boreas" CSOV nominert til årets skip 2024

Konstruksjonsstøttefartøyet (CSOV) "Olympic Boreas" med planlagt levering frå Ulstein Verft i 2024, er nominert til prisen "Årets skip 2024" av juryen i Skipsrevyen. 

Du kan no stemme på din favoritt nedst på denne nettsida.

Skipet har vorte utvikla i nært samarbeid mellom kunden Olympic og Ulstein Design & Solutions AS. Det er basert på det nye TWIN X-STERN-designet – som enklast kan forklarast som  "firehjulsdrift" på sjøen. Designet skil seg ut med ein "dobbel akter-konfigurasjon", med hovudpropellar i begge endar. Dette gjer det enklare å manøvrere fartøyet, det går roleg i sjøen, noko som igjen gjev betre drivstoffeffektivitet. Kraftsystemet er levert og utvikla av Ulstein Power & Control. I denne løysinga vert eit stort batterisystem og generatorar for variabelt turtal kombinerte slik at kraftproduksjonen, saman med framdriftssystem og kraftfordelinga, blir optimal.

03 06 24 318 Olympic boreas WEB 8859 16 9

Tre fartøy er nominert til prisen «Ship of the Year», som delast ut under SMM i Hamburg i september. Ifølge Skipsrevyen er årets nominerte «Reach Remote 1», «Tyra» og «Olympic Boreas».

Prisen har vert delt ut sidan 1997 og skal, ifølge Skipsrevyen, heidre skipsbyggarar, designarar og reiarlag som bidreg til å oppretthalde Noregs leiande posisjon internasjonalt innan skipsbygging og design. For å bli nominert til prisen må skipet vere bygd eller ferdigstilt ved et norsk verft, og det må være levert eller planlagt levert i løpet av 2024.

Latest news

Orient Adventurer inclining test 1
Oppdatering

Krengeprøve gjennomført på Orient Adventurer: Ettermarknadstenester som gjer fartøy klare for nye roller

Ombygging og remobilisering av fartøy krev meir enn teikningar og utrekningar. Nyleg arbeid på Orient Adventurer, som no blir førebudd for kabellegging, viser kor avgjerande inngåande kunnskap om fartøyet si operasjonelle historie er for å kunne levere sikre, klassegodkjende løysingar. Gjennom ettermarknadstenestene til Ulstein støttar vi komplekse skipsoppgraderingar med ingeniørkompetanse innan stabilitet og vekt. Det inkluderer planlegging og gjennomføring av krengeprøver for ombyggings- og levetidsforlengingsprosjekt.

Ettermarknad
Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann029
Artikkel

Redningsøving utanfor Lofoten: Naudslep av MS Spitsbergen

Tysdag 24. mars blei ei omfattande redningsøving gjennomført i havet utanfor Lofoten der eit nytt naudslepesystem for skip vart testa. Cruiseskipet MS Spitsbergen med 150 passasjerar om bord, Kystvaktskipet KV Barentshav og 330- skvadronen sitt redningshelikopter SAR Queen deltok.

Skipsdesign