Supervisor at Ulstein verft upload1

Tilsett i eit halvt århundre – og dei som nett har starta

Kva fekk ein no erfaren veteran, ein fersk ingeniør og ein lærevillig lærling til å satse på Ulstein, og korleis ser dei for seg framtida? Bli med inn i kvardagen til Adolf, Nicholine og Jonas, og få eit innblikk i eit arbeidsmiljø i stadig utvikling,  frå første arbeidsdag til over femti år med erfaring på same arbeidsplass.

Publisert
14 januar 2026
Del

Frå elektromontør til arbeidsleiar

I 1975 starta 17 år gamle Adolf Espeseth som elektromontør i Smedvik mekaniske verksted (kjøpt av Ulstein i 1981). Rundt 25 år seinare vart han arbeidsleiar for elektro. No, etter 50 år i arbeidslivet, ser ikkje 68-åringen heilt for seg å trappe ned enno. 

Arbeidsleiarrolla inneber mykje administrasjon og   personalansvar, men Adolf trivst aller best når han kan vere ute og følge med: 

- Eg er skrudd saman på ein måte som gjer at eg må vere ute og sjå. Følge med og ha kontroll på arbeidet. Det er viktig å vere tilgjengeleg for kollegaene mine, seier han.

Ulstein

Hemmelegheita bak 50 år på Ulstein

Kvifor har Adolf blitt verande så lenge? Svaret kjem raskt: 

- Eg trivst veldig godt på Ulstein. Miljøet med folka rundt meg og leiinga har gjort at eg aldri har hatt behov for å byte arbeidsplass. Vi er ein samansveisa gjeng som tek i mot nye tilskot som ein familie. Der er ingen forskjell på ein montør og ein arbeidsleiar, vi er først og fremst gode kollegaer. Han fortel vidare at leiinga alltid har vist oppriktig interesse for arbeidet som pågår og korleis arbeidarane har det.

Han trekker fram to ting som er særleg viktige: 

Det gode arbeidsmiljøet, og kjensla av å lukkast med eit oppdrag. Å levere eit produkt på tid, det er veldig, veldig givande.

Adolf fortel ei historie om då eit reiarlag sende eit skip til Brasil. Skipet vart seld inn med eit DP-anlegg (dynamisk posisjonering) som ikkje var montert endå. Difor var Ulstein-tilsette med på seglasen frå Bergen til Brasil medan dei installerte anlegget. 

- Eg var med ut og segla éin gong, og då opplevde eg å bli døypt ved ekvator! Flygefisk på dekk, bading midt i havgapet, det var ei spesiell oppleving.

Ulstein
Ulstein

Nye stemmer – nye ambisjonar

Samtidig som Ulstein har veteranar som Adolf, finn ein fleire nyutdanna fagfolk og lærlingar med store ambisjonar. Nicholine og Jonas likar begge å arbeide variert, sjølvstendig eller saman med andre, og ikkje minst: bygge båt.

Nicholine: Verdset balansen mellom teori og praksis

Nicholine Nesset Lystad er utdanna ingeniør og er trainee innan maskin & HVAC. Ho har fagbrev i industriell overflatebehandling og starta med eit halvt år i produksjonen før ho gjekk til arbeid på kontoret:

- Eg likar veldig godt koplinga mellom praktisk arbeid og teorien bak. Det fell mykje meir naturleg å teikne røra i eit 3D-program når ein har erfaring frå å ha bygd dei, fortel ho.

Ulstein
Ulstein

Ho peikar også på kor viktig det er å bli kjent med folk i produksjonen, noko som gjer samhandling og kommunikasjon enklare når ein i ettertid skal samarbeide på andre prosjekt.

- Då er eg ikkje berre ‘ingeniøren i tredje etasje’. Eg har eit namn og eit ansikt.

Nicholine hadde lite maritim erfaring før ho starta, og vart imponert over storleiken på skipa og korleis rør- og kabelnettet blir planlagt om bord. Ho trekkjer fram folka som ein nøkkelfaktor:

- Eg har blitt godt tatt imot, fått rettleiing og hjelp når eg treng det. Eg likar å lære nye ting, og på Ulstein er det alltid noko nytt!

Jonas: Dedikert lærling med blikket retta framover

Jonas Langlo, førsteårslærling i industrirørlegging, vart imponert over samhaldet mellom dei tilsette. Han ser fram til kvar arbeidsdag:

- Alle er utruleg positive. Eg vart positivt overraska over kor inkluderande og triveleg det er her. Det er aldri dårleg stemning.

Som industrirørleggar har Jonas fagbrev i eit fagfelt det er høg etterspørsel etter. Men Jonas planlegg også å ta fagbrev som industrimekanikar for endå meir variasjon og fleire bein å stå på. Det beste med jobben?

- Eg synest det er interessant og kjekt å halde på med rør, det å vite korleis røra går i skipa og korleis ting fungerer, og vite at eg bidreg til å skape eit større produkt ved at eg gjer arbeidsoppgåver eg likar. Eg likar ikkje å gjere det same kvar dag. Her får eg ein variert kvardag. 

Jonas set pris på Ulstein si proaktive haldning, at ein alltid tenker framover og mot det neste prosjektet med fokus på å konkurrere i marknaden.

Ulstein

- Med éin gong vi er ferdige med det vi held på med veit vi kva vi skal gjere på neste. Det gjer det heile kjekt og spanande!

  • Supervisor at Ulstein verft upload1
  • Supervisor at Ulstein verft upload
  • Supervisor at Ulstein verft upload2
  • Industrial worker in pipe hall upload
  • Industrial worker measuring a pipe upload1
  • Industrial worker working with pipes upload

Siste nytt