Yno 43H - Elizabeth A

B.nr. 43H - Byggeår 1970. Rederi: Nepco Towing Co., New York, USA. Bygd ved Hatlø Verksted. Gudmor: Mrs. E.M. Carey

Yno 43 H Elisabeth A

Lengde: 130' (39,62 m) 
 

Bredde: 34,6'' 10,57 m) 
 

Brutto tonnasje: 454 tonn 
 

Fart: 14 knop 
 

Hovedmotorar: 2 x 2150 Hk, totalt 4300 Hk 
 

Skipstype: Slepebåt

 


HISTORIE: 
Båten vart segla over til Bahamas med norsk mannskap. Mellom desse var nokre frå Verftet: 
Arne Per Flø - 1. maskinist 
Erling Grønmyr - matros 
Eivind Holte - dekksgut 
Leif Hatlø jr. - elektriker 
På veg nedover langs kysten like før Stadt fekk dei problemer med varmtvatnskjelen. Dei gjekk derfor til Bergen for reparasjon. Det var kaldt, derfor flytta mannskapet inn på hotell for å halde varmen. 1. juledag gjekk alarmen, det ulte over heile byen, politi og brannvesen rykte ut. Dei fann ein fortvila matros som var åleine ombord. Han kunne ikkje kvittere ut alarmen. Dei måtte til hotellet for å finne ein maskinist som kunne stoppe "utysket". Resten av overseglinga gjekk fint. Vidare historie er ukjend.

Andre skipsnamn: "Pajaro"
1985 Seld til Albatros Navegacion, Ensenada, Mexico. Flagg: Mexico og fekk namn "Pajaro"
2017: Fortsatt aktiv IMO 7027837