Yno 46U - North Star

B.nr. 46U - Byggeår 1967. Rederi: Sirius, Hundested. Bygd ved Ulstein Mek. Verksted A/S. Skrogverft Molde Verft A/S

Yno 46 North Star

Lengde: 49,62 m 
 

Bredde: 9,23 m 
 

Brutto tonnasje: 299 tonn 
 

Dødvekt: 712 tonn 
 

Fart: 11 knop 
 

Hovedmotor: Caterpillar 
 

Effekt: 535 Hk 
 

Skipstype: Lastebåt 
 

Andre skipsnamn: "Porto Star", "Oborg" "Linheim", "Alkali", "Canary", "Cynthia", "Ponta da Barca"

 


HISTORIE: 
Frå lokalavisa 'Vikebladet' 21. desember 1967:

Ulstein mek. Verksted overleverte måndag nok ein praktbåt til eit dansk reiarlag. Denne gangen var det byggenr. 46, den 299 br.reg.tonn store lastebåten 'North Star', søsterskipet til 'Susanne Scan' som vart levert til eit anna dansk reiarlag for vel ein månad sidan.

1972: Nytt namn "Porto Star"
1974: Fekk tilbake namnet "North Star" i januar
1974: Seld til Otto Koch, Kopervik og omdøypt til "Oborg". 
1975: Seld til Per Larsen, Moltustranda og omdøypt til "Linheim". 
1977: Seld til AS Klorsalg og omdøypt til "Alkali". Båten vart registert i Oslo. Ombygd til kaustiksoda tankskip. 
1986: Seld til Finn Olsen, Bodø og omdøypt til "Canary". 
1988: Ombygd til shelterdekker etter at den vart seld til Rolv Sævrøy. Båten fekk ny Cat hovedmotor på 542 hK 1989: Omdøypt til "Cynthia". 
1998: Seld til Azorene (Portugal), omdøypt til "Ponta da Barca".
2017: Fortsatt aktiv - IMO 6806640. Eigar og driverselskap er Transportes Maritimos Graciosenses Lda, Praia da Vitória, Azores.