Acta Pegasus upload 20260102 DJI 0080

Acta Pegasus levert til Acta Marine: Nytt Ulstein-design går rett i havvindoperasjonar

Acta Pegasus vart levert til Acta Marine frå Tersan-verftet i Tyrkia i desember 2025. Dette er det første av fire nye Walk-to-Work (W2W) havvindserviceskip (CSOV-skip) designa av Ulstein Design & Solutions AS for Acta Marine.

Acta Pegasus er basert på ULSTEIN SX216-designet, med ULSTEIN TWIN X-STERN®-løysinga. Denne innovasjonen har blitt kjend for auka drivstoffeffektivitet, gode dynamiske posisjoneringsevner (DP), betra manøvreringsevne, reduserte rørsler og lågare støynivå.

Fartøyet er utstyrt med avanserte system for offshore-tilkomst og løft, inkludert ein 3D-rørslekompensert gangveg og kran, som sikrar trygg og effektiv overføring av personell og last.

I tråd med Acta Marine sine berekraftambisjonar er Acta Pegasus klargjort for metanol, med motorar som kan gå på Marine Gas Oil (MGO, eit drivstoff med lågt svovelinnhald) eller ei blanding av MGO og metanol. Fartøyet har òg stor batterikapasitet, som optimaliserer drivstoffeffektiviteten og reduserer utslepp. Desse løysingane er med på å støtte overgangen til meir offshoreaktivitetar med lågare utslepp. Fartøyet skal støtte havvindprosjekt i Frankrike og bidra til vekst innan fornybar energi i regionen.

Acta Pegasus har innreiing for opp til 135 personar i komfortable lugarar, og tilbyr ei rekke fasilitetar for å sikre trivsel om bord, mellom anna ein moderne restaurant, multifunksjonelle opphaldsrom, sauna og  treningsrom. 

Leveringa av Acta Pegasus markerer eit viktig steg i Acta Marine si satsing på ein moderne, berekraftig og framtidsretta flåte. Søsterskipa Acta Hercules, Acta Gemini og Acta Aquarius skal etter planen bli leverte i løpet av 2026, og vil ytterlegare styrke Acta Marine si evne til å levere pålitelege og effektive offshore-tenester.

Ulstein sine W2W-design

Walk-to-work (W2W)-operasjonar involverer ein hivkompensert gangveg frå fartøyet som koplar til ein offshoreinstallasjon for trygg overføring av personell.

Ulstein sine W2W-skipsdesign er utvikla for å støtte ein effektiv oppstart, drift og vedlikehald av offshoreinstallasjonar.

  • Acta Pegasus upload 20260102 DJI 0080
  • Acta Pegasus upload 20260102 DJI 0086
  • Acta Pegasus upload 20260102 DJI 20260102170706 0004 D
  • Acta Pegasus upload 20260102 DJI 0104

Get in touch

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Description
Sales Manager
Affiliation
Ulstein Design & Solutions AS

Latest news