Heavylift Fosen

Multiwheeler-oppdrag på Fosen

Eitt av mange transportoppdrag i juni 2020 var ved Fosen Yard i Rissa i Trøndelag. Begge multiwheelerane vart då brukte til å  transportere ein 130-tonns maskinromsseksjon.

Publisert
30 juni 2020
Del
  • Ulstein sine Goldhofer multiwheelers køyrt i tospann.

Ulstein si tungløftsavdeling reiser kysten rundt på løfte- og transportoppdrag. Oppdraget på Fosen Yard kan kallast eit 'lett' oppdrag, då dei to Goldhofer multiwheelerane har ein samla transportkapasitet på 640 tonn.

Multiwheelerane vert frakta langs kysten av heile Noreg på Ulstein sin lekter, og ofte i samband med mobilkran-oppdrag.

Siste nytt

Orient Adventurer inclining test 1
Oppdatering

Krengeprøve gjennomført på Orient Adventurer: Ettermarknadstenester som gjer fartøy klare for nye roller

Ombygging og remobilisering av fartøy krev meir enn teikningar og utrekningar. Nyleg arbeid på Orient Adventurer, som no blir førebudd for kabellegging, viser kor avgjerande inngåande kunnskap om fartøyet si operasjonelle historie er for å kunne levere sikre, klassegodkjende løysingar. Gjennom ettermarknadstenestene til Ulstein støttar vi komplekse skipsoppgraderingar med ingeniørkompetanse innan stabilitet og vekt. Det inkluderer planlegging og gjennomføring av krengeprøver for ombyggings- og levetidsforlengingsprosjekt.

Ettermarknad
Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann029
Artikkel

Redningsøving utanfor Lofoten: Naudslep av MS Spitsbergen

Tysdag 24. mars blei ei omfattande redningsøving gjennomført i havet utanfor Lofoten der eit nytt naudslepesystem for skip vart testa. Cruiseskipet MS Spitsbergen med 150 passasjerar om bord, Kystvaktskipet KV Barentshav og 330- skvadronen sitt redningshelikopter SAR Queen deltok.

Skipsdesign