
Ulstein er eit familieeigd konsern i tredje generasjon. Sidan 1917 har vi utvikla og bygd fartøy og løysingar for den globale marknaden. For oss handlar verdiskaping om meir enn enkeltkontraktar. Skal vi lykkast over tid, må vi både utvikle konkurransedyktige bedrifter og bygge sterke samfunn rundt dei.
For framtida til norsk maritim industri er særleg desse områda avgjerande:
Sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar
God rekruttering og mobilitet føreset betre samferdsel og sterkare koplingar i regionane. Det må vere gode bu- og levevilkår i distrikta, med vegar, ferjesamband og sjukehus på same nivå som i resten av landet. Realisering av ferjefri E39 – Hafast – er avgjerande for framtidig utvikling av vår region.

Kompetanse og ny teknologi
Mangelen på fagarbeidarar innanfor dei fleste fagdisiplinar og spisskompetanse innanfor t.d. automatisering, kraft og styringssystem (kraftingeniørar og automasjonsingeniørar), samt evna til å ta i bruk ny digital teknologi, er ein av dei største utfordringane industrien står overfor. Eit koordinert løft for å sikre tilgang på fagarbeidarar og bygge opp igjen nasjonal skipsbyggingskapasitet gjennom betra støtteordningar til bedriftene, er viktig. Dette mellom anna for å sikre utdanning av lærlingar og redusere utanforskap, og til livslang kompetanseheving,
Vi ser med bekymring på at næringsretta forsking og utvikling er kraftig redusert. Ei styrking er nødvendig, og avgjerande for å kunne ta i bruk ny teknologi innan digitalisering, automatisering og kunstig intelligens i industriell skala, der verdiskapinga skjer. Regjeringa si satsing på eit senter for maritim KI er viktig i denne samanheng.
Det grøne skiftet
Vi meiner Noreg må akselerere det grøne skiftet, og då er CO2-fond for investeringar i lavutsleppsløysingar tilsvarande modell for NOX-fond – øyremerka til ombyggingar og nybygg i Noreg, viktig.

Vi er glade for at NTNU i Ålesund har fått tildelt SFI SAINT (Sustainable Applied and Industrialised Nuclear Technology), eit nytt norsk forskingssenter som skal utvikle kjernekraftteknologi for utsleppsfri skipsfart.
Lokale eigarar og konkurransedyktige rammevilkår
Lokalt eigarskap gir langsiktigheit og investeringar i samfunn, langt utover eigne verksemder. For at fleire investeringar skal bli verande i bedriftene og lokalsamfunna, treng vi rammevilkår som styrkar konkurransekrafta til norskeigde verksemder. Vi er særleg uroa over auka eigarskattar, og dermed mindre kapital til å investere i næring, lokalmiljø og sist, men ikkje minst, framtidsretta arbeidsplassar.
Standardfartøy og bygging i Noreg
Vedtaket om at standardfartøya til Forsvaret skal byggast i Noreg er svært bra. Standardiserte løysingar og bygging ved norske verft gir betre ressursbruk, raskare levering og styrkt nasjonal beredskap. Vi set pris på at det er politisk semje om å styrke løyvingar til beredskap og forsvar. Samtidig fryktar vi eit for stort gap mellom dei gode intensjonane og kva som vert realisert.
Gjennom innovasjonar som X-BOW®, TWIN X-STERN®, ULSTEIN@ POWER VSG og digitale tenester, har Ulstein i fleire tiår arbeidd for å gjere fartøy tryggare, meir berekraftige og meir effektive. Vi ønsker å bidra til at Noreg held fram som ein sterk maritim industrinasjon, med kompetanse, kapasitet og verdiskaping langs heile kysten. Statsministerbesøket er ei viktig anledning til å diskutere korleis politikk og næringsliv saman kan sikre dette også for framtida.



