The ECOFIVE trawler for shipowner Bluewild.

Trålaren ECOFIVE er nominert til årets skip 2023

Fabrikktrålaren ECOFIVE er ein av dei nominerte til prisen 'Årets skip 2023'. Nominasjonskomiteen seier at 'Prosjektet er noko av det mest spennande som er gjort innan fiskeri dei siste 30 åra, med drivstoffinnsparingar på opptil 40 % og høg kvalitet på fangsten'.

Publisert
18 april 2023
Del

Du kan no stemme på din favoritt via denne nettsida: Ship of The Year 2023 - Her er de nominerte (skipsrevyen.no)
 

Uttale frå nominasjonskomiteen

Nominasjonskomiteen seier vidare at

'MS «ECOFIVE» får hybrid dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift med to propellar og rordyser. Basert på den operasjonelle profilen på skipet vil framdriftssystemet og systemintegrasjon kunne mogleggjere drivstoffinnsparingar på meir enn 25 % per kg produsert fiskeprodukt samanlikna med konvensjonelt kraftsystem. I enkelte operasjonar, saman med andre energiøkonomiserande tiltak, kan talet bikke 40 % innsparing og utslepp av klimagassar blir redusert.

Fisken blir overført levande under vasslinja til vasstankar om bord før han deretter blir bløgga og etappevis overført til fabrikkanlegget. Ferdige fiskeprodukt blir frosne ned til -35 grader i avanserte fryselager'.

Fleire innovasjonar fører fram til dette fartøyet

ECOFIVE er ein standard frå Bluewild og stiller ambisiøse krav til lågast mogleg energiforbruk, størst mogleg utnytting av fangsten, uttak av næringsverdi og høgast mogleg kvalitet på sluttproduktet. For å nå desse måla har Ulstein utvikla konkrete løysingar for ein ny standard innan fabrikktrålarar. Ulstein har utvikla eit system for fangstmottak og lagring som i størst mogleg grad skal halde fangsten i live fram til foredling. Ved å ta fangsten direkte inn under vasslinja i ulike separate tankar unngår ein kvalitetstap under hiving og lagring i tørre mottakstankar, og fabrikk-kapasitetane får ei jamnare utnytting.

Det hybride kraft- og framdriftssystemet, som kombinerer dei beste eigenskapane frå dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift, vert støtta av ein stor batteripakke. To store propellar med rordyser aukar manøvreringsevna og slepekrafta, og bidreg til å minimere energitap ved rorutslag. Overskotsenergien, som returenergien frå vinsjane, vert lagra i batteripakken og overskotsvarme frå motorane blir gjenvunne og brukt der det er behov elles i skipet.

Skrogutforminga med X-BOW® vil bidra til mindre brå rørsler, forbetre sikkerheita og minimere sjø på dekk.

Om fartøyet

Hekktrålaren er av designtypen ULSTEIN FX101 og markerer starten på ei ny satsing innanfor fiskeri for Ulstein. Skipet har innreiing for 30 personar. Det 73,2 meter lange skipet har netto lasterom på om lag 2000 kubikkmeter og blir utrusta med kvadruppel trål og pelagisk trål.

Ulstein leverer design og engineering, og ei utstyrspakke for kraftsystemet (generatorar, elektromotorar for propulsjon inkludert frekvensomformarar, eit komplett batterisystem, tavler og distribusjonsløysing, og kontrollsystem for kraft- og energistyring) Alle systema er tilknytta det integrerte automasjonssystemet ULSTEIN IAS med skybasert datainnsamling via Blue Box.

Reiarlaget Bluewild held til i Ålesund. Flåten består av trålaren ‘Ishavet' (2013), og trålaren ‘Langenes' (1986), som blir erstatta av den nye trålaren.

Ta kontakt

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Yno 317 Nexans Electra in dock hall partly painted ULS 03508 DJI 20250919133134 0044 D
Artikkel

Bak kulissane: Slik vert kabelleggingsskipet Nexans Electra bygd

Skipsbyggingsprosjektet Nexans Electra nærmar seg sluttfasen i dokka før det omfattande arbeidet held fram ved kai fram mot prøvetur våren 2026. Korleis organiserer ein arbeidet for hundrevis av arbeidarar, underselskap og leverandørar i mange månader for å få prosjektet ferdig på tid og på budsjett? Bli med på reisa saman med prosjektleiar Runar Toftesund ved Ulstein Verft.

Blue Ctrl personnel testing one of the operation stations
Oppdatering

Ny dagleg leiar i Blue Ctrl

Det Ålesund-baserte selskapet Blue Ctrl gjer strategiske endringar i leiinga for å styrke selskapet sin vidare vekst og posisjon i den maritime teknologinæringa. Den 1. november startar Marielle Furnes Mannseth som dagleg leiar i selskapet. 

Greg Mortimer's X-BOW cutting the seas, photo: Scott Portelli/Aurora Expeditions.
Artikkel

Aurora Expeditions: Set ein ny standard for ekspedisjonscruse med X-BOW-design

Aurora Expeditions tok i bruk sitt tredje ekspedisjonscruiseskip med X-BOW – Douglas Mawson – i september 2025. – Mange av gjestene våre har reist med andre ekspedisjonsskip før og merkar straks forskjellen. Anten det er betre søvn, mindre vibrasjonar når dei lyttar til foredrag, eller meir tid i områda ein besøker – designet forbetrar opplevinga, seier Katie Malone, marknadsdirektør i Aurora Expeditions når ho skal forklare X-BOW.

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS