2025 CSOV arrival Yno 323 Ulstein Verft 5

Ulstein Verft startar arbeidet på neste CSOV i serien

Skroget til bygg nummer 323 kom til Ulstein Verft 6. desember 2025. Dette markerer eit nytt steg i ferdigstillinga av vårt neste havvindservicefartøy, som er det tiande I rekka av TWIN X-STERN®-skip sidan 2022. Fartøyet er basert på Ulstein sitt SX222-design.

  • 2025 CSOV arrival Yno 323 Ulstein Verft 7
  • 2025 CSOV arrival Yno 323 Ulstein Verft 5
  • 2025 CSOV arrival Yno 323 Ulstein Verft 4
  • 2025 CSOV arrival Yno 323 Ulstein Verft 6
  • 2025 CSOV arrival Yno 323 Ulstein Verft 2
  • 2025 CSOV arrival Yno 323 Ulstein Verft 3
  • 2025 CSOV arrival Yno 323 Ulstein Verft 1

TWIN X-STERN-løysinga inneber hovudpropellar både framme og bak, noko som gjer fartøyet i stand til å utføre raske operasjonar ved bemanna og ubemanna installasjonar med lågt drivstofforbruk. Med hybrid batteriframdrift og førebudd for grøn metanol som drivstoff er fartøyet designa for å møte framtidige miljøkrav, samtidig som det sikrar framifrå sjøeigenskapar og operasjonell effektivitet.

Skroget vart bygd ved Crist-verftet i Polen. Når det no har kome fram til Ulstein Verft startar utrustinga og oppstartsfasen, der avanserte system og utstyr skal installerast og testast før levering i 2026.

Fartøyet er ei allsidig plattform for havvind og andre offshoreoperasjonar, inkludert vedlikehald og byggestøtte. Med rørslekompensert gangveg og kranløysingar, optimalisert logistikk og stor lagringskapasitet er fartøyet skreddarsydd for trygg og effektiv drift i krevjande offshoremiljø.

Ta kontakt

Marita Myrvågnes bw

Marita Myrvågnes

Beskrivelse
Area Sales Manager Newbuilds
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Relaterte nyheiter

Employees from Ulstein Design Solutions AS ULS 01203 PES7868
Pressemelding

Ulstein Group tildelt IDC-prisen for Årets Teamwork 2025

Ulstein Group fekk prisen ‘Teamwork of the Year 2025’ under IDC-konferansen i Ålesund den 16. oktober 2025. Juryen uttalte: «Ulstein Group har bygd ein kultur der alle fagområde er like viktige. Resultata talar for seg: framtidsretta fartøy som møter både kommersielle og samfunnsnyttige mål. Ulstein viser korleis tverrfagleg samarbeid kan skape banebrytande løysingar i maritim sektor, og har ei sterk evne til å samle designarar, ingeniørar og nøkkelpersonell i utviklinga av heilskaplege konsept som kombinerer teknologi, funksjon og estetikk. Samarbeid på tvers av fag og aktørar – frå lokale partnarar til internasjonale kundar – gir innovasjon med global betydning.»

Ulstein
Artikkel

Meistrar walk-to-work-operasjonar

Det totale talet på walk-to-work (W2W)-fartøydesign og redesign frå Ulstein er no 22, der 16 av dei er i arbeid. I snitt utfører desse fartøya vedlikehald og reparasjon på over 5 000 turbinar – kvart år! Det utgjer over 95 000 gangvegoverføringar!