Employees from Ulstein Design Solutions AS ULS 01203 PES7868

Ulstein Group tildelt IDC-prisen for Årets Teamwork 2025

Ulstein Group fekk prisen ‘Teamwork of the Year 2025’ under IDC-konferansen i Ålesund den 16. oktober 2025. Juryen uttalte: «Ulstein Group har bygd ein kultur der alle fagområde er like viktige. Resultata talar for seg: framtidsretta fartøy som møter både kommersielle og samfunnsnyttige mål. Ulstein viser korleis tverrfagleg samarbeid kan skape banebrytande løysingar i maritim sektor, og har ei sterk evne til å samle designarar, ingeniørar og nøkkelpersonell i utviklinga av heilskaplege konsept som kombinerer teknologi, funksjon og estetikk. Samarbeid på tvers av fag og aktørar – frå lokale partnarar til internasjonale kundar – gir innovasjon med global betydning.»

Publisert
16 oktober 2025
Del

– Ein pris for teamwork set vi ekstra stor pris på. Denne prisen anerkjenner folka i Ulstein. Folka våre er vår viktigaste ressurs, og dette er ein heider til alle som står på kvar dag med å innovere i produkt og løysingar, bidra til å vidareutvikle den maritime marknaden, og engasjere kundane og den maritime klynga som heilheit. Samtidig må vi takke kundane våre: Utan modige kundar som torer å ta i bruk innovasjonane og løysingane våre så hadde vi ikkje vore der vi er i dag.

Lars Lühr Olsen, COO Shipbuilding i Ulstein Group

I nominasjonen vert det vidare vist til designutviklingsprosjekt som SX250 og U-STERN (HX118), og Ulstein Verft sitt samarbeid med Larsnes Mek. Verksted og thyssenkrupp Marine Systems (tkMS), som stadfestar Ulstein si rolle som utviklar av framtidas maritime løysingar med ei tydeleg satsing på grøn teknologi, hybrid framdrift og optimalisering for havvind og forsvar. Design som ECOFIVE og ULSTEIN THOR viser vilje til å tenke utanfor konvensjonelle rammer og utforske alternative energiformer for framtidas skipsfart. 

  • Ulstein awarded the IDC Teamwork award
  • An ULSTEIN U STERN foundation installation vessel media web
  • Ecofive Foto Svein Egil Oekland Westcon 0075
  • Heavylift vessel Penta Ocean
  • Designers at work for UIN and UDS ULS 00934 Ulstein 2024 Print 0367
  • Concept design ULSTEIN THOR for replenishment powering.
  • SX250 and SX222 Joint Render March25 SB Side
  • Ulstein employees in meeting ULS 00789 Ulstein 2024 Print 0994
  • IMG 4012 2
    Representantar frå Forsvarsmateriell på besøk til Ulstein Verft, her framfor dokkhallen som gir optimale forhold for skipsbygging.
  • Informal meeting ULS 00918 Ulstein 2024 print 0075

Tverrfaglege samarbeid sikrar at tekniske, operasjonelle og menneskelege omsyn vert vurdert samla – og resulterer i heilskaplege og framtidsretta løysingar. Samarbeidet strekker seg også utover konsernet – til kundar, leverandørar, forskingsmiljø og andre partnarar nasjonalt og internasjonalt. Denne kulturen for samarbeid og kunnskapsdeling er ein sentral del av Ulstein si identitet, og ein viktig grunn til at selskapet tidlegare har vorte tildelt prisen Industrial Design Company of the Year i Design Region Sunnmøre. Ulstein viser gjennom sitt arbeid at innovasjon ikkje berre handlar om teknologi, men om menneska som utviklar den. Suksessen bygger på evna til å kombinere erfaring, nytenking og tverrfagleg forståing – frå idé og design til ferdig fartøy. I ei tid der maritim industri står overfor store endringar knytt til klima, tryggleik og energiomstilling, er Ulstein eit tydeleg døme på korleis norsk design og ingeniørkunst kan leie an i utviklinga av løysingar som formar framtidas havrom.

SX250 Jan24 v2 Ampelmann OPS SB Fore Low

Ulstein si tilnærming til dei ulike prosjekta: Strategisk samarbeid og innovasjon i praksis

X-BOW, ECOFIVE og THOR

X-BOW og ECOFIVE er innovasjonar som har vorte utvikla og realiserte i tett samarbeid med kunde, medan ULSTEIN THOR er eit thorium-drive konseptskip der designteamet i Ulstein har sett seg føre å utvikle ei nullutsleppsløysing for framtida.

Fregattar

I fregattsamarbeidet med tkMS mobiliserte Ulstein breie team på tvers av fagområde for å synleggjere kompetansen innan bygging og ferdigstilling av forsvarsfartøy. Sjølv om fregattkontrakten ikkje gjekk til Sunnmøre, har Ulstein posisjonert seg tydeleg i forsvarsindustrien.

Standardfartøy

Saman med Larsnes Mek. Verksted samarbeider Ulstein om Forsvaret sine standardfartøy - eit nytt grep der to moderne verft med komplementære styrkar går saman for å møte Forsvaret sine behov. Begge har moderne fasilitetar med overbygd tørrdokk og lang erfaring med nybygg og ettermarknadstenester.

Skipsdesign

SX250 og HX118 representerer ein annan type samarbeid – der tverrfaglege team i designområdet utviklar framtidsretta løysingar gjennom spørsmålet «Enn om?», og prøvar å finne nye løysingar på kunden sine komplekse utfordringar.

SX250

SX250-designet gir reiarlag fleksibilitet der fleire mindre SX250-støttefartøy kan bidra til å frakte teknikarar til  turbinane, medan eitt større CSOV-skip kan fungere som hotell og base. SX250 er ideelt for små/mellomstore havvindparkar, grunne farvatn og sommarvedlikehald. Material- og drivstofforbruket er lågare, og SX250 reduserer CAPEX og OPEX med minst 50 % samanlikna med CSOV/SOV. 

HX118

Havvindinstallasjonar går føre seg på djupare vatn, og monopålane blir lengre og lengre. Skipa fraktar monopålane ut på tvers av skipa og monterer dei frå skipssida. Det gjer operasjonane sårbare for ver og vind. U-STERN-skipet HX118 har ein u-forma hekk som skjermar for veret og som gjer at skipet, med baugforma X-BOW, kan stå i dynamisk posisjon med baugen mot veret. Monopålane blir frakta i lengderetninga av skipet, og kan røysast opp og settast ned i sjøen over hekken. Det gir store reduksjonar i kraftforbruk og gjer installasjonsarbeidet mykje sikrare og meir effektivt. Penta Ocean har kontrahert det første skipet av denne typen, og byggeprosjektet er i gong med brennestart nyleg. 

(IDC = Innovation, Design & Collaboration)

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

Ulstein
Artikkel

Meistrar walk-to-work-operasjonar

Det totale talet på walk-to-work (W2W)-fartøydesign og redesign frå Ulstein er no 22, der 16 av dei er i arbeid. I snitt utfører desse fartøya vedlikehald og reparasjon på over 5 000 turbinar – kvart år! Det utgjer over 95 000 gangvegoverføringar!

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS