Ulstein

Redusere kostnader i W2W-operasjonar: Ei ny tilnærming til fartøysdesign

Dagens havvindparkar vert drifta av små dagsturbåtar, 'Crew Transfer Vessels' (CTV-ar) eller helikopter, eller av serviceskip av typen Service Operation Vessels (SOV-ar) for lengre periodar som krev overnattingskapasitet. Enn om der fanst ein CAPEX-smart design som reduserer byggjekostnadene med meir enn 50 % samanlikna med ein SOV og som kan supplere SOV-ane på dei fleste oppgåvene?

Publisert
04 februar 2025
Del

Kan vi redusere den økonomiske risikoen ved W2W-operasjonar?

Verda treng grøn energi, men høge kostnader er ei hindring. Prisane på råmaterialar og utstyr har meir enn dobla seg, noko som har stoppa mange prosjekt. Kan vi redusere den økonomiske risikoen i å utvikle havvindparkar og gjere walk-to-work-operasjonar (W2W) meir overkommelege?

Ein W2W-operasjon inneber å overføre personell og utstyr frå eit fartøy til ein offshoreinstallasjon. SOV-ar er i dag den mest effektive og føretrekte løysinga for service på havvindturbinar, og dei overgår CTV-ar når det gjeld sikkerheit, tilgjenge og komfort. Lange leveringstider og stigande kostnader på SOV-nybygg er ei utfordring. Samtidig vert det sett strengare krav til CTV-ar, mellom anna å halde lågare fart i verna område og å redusere utsleppa.

Ei ny tilnærming til W2W

Stordriftsfordelar har redusert kostnadene for SOV-ar, råmaterialar og utvikling av havvindparkar, men det er ikkje berekraftig å sjå på utbygging berre av store havvindparkar. Det er heller ikkje tilstrekkeleg å legge arbeid i å designe stadig mindre SOV-skip. Det trengst ei ny tilnærming til fartøyskonsept og operasjonar.

  • SX250 colage
    ULSTEIN SX250 - walk-to-work- fartøy
  • SX250 Mini SOV Jan24 v2 In Air SB Fore Below
    ULSTEIN SX250 er basert på TWIN X-STERN-løysinga, som gir høg operasjonsevne og utmerka sjøegenskaper.
  • S Xnnn Mini SOV Jan24 v2 OPTS Ops SB Aft2
    Fleksible løysingar for dekksutstyr på ULSTEIN SX250. Her med 1 stk Palfinger OPTS og 1 stk dotterfartøy
  • 2025 Exhibition wall 16x9
    To ULSTEIN SX250 som arbeider saman med ein ULSTEIN SX222 CSOV

Reduserer CAPEX og OPEX og opprettheld høg operasjonell kapasitet

Ulstein sitt designteam hadde som mål å utvikle eit W2W-fartøy som reduserer fartøyet sin CAPEX med minst 50 % samanlikna med ein SOV, og reduserer OPEX tilsvarande, medan ein opprettheld dei fleste av dei viktigaste funksjonane og operabiliteten. 

Resultatet er ULSTEIN SX250.

Ulstein
Mini SOV July24 v3 Sales Pitch Page 08

ULSTEIN SX250

ULSTEIN SX250 introduserer ein ny logistikk i servicetilbodet på havvindparkar ved å fylle ut gapet mellom CTV-ar og SOV-ar. Eitt eller fleire SX250-fartøy kan støtte eit SOV-skip, der sistnemnde handterer dei største oppgåvene medan SX250 tek seg av dei mindre. Denne oppsettet møter servicekrava og opprettheld oppetida, og det gjer det mogleg med ei meir detaljert operasjonsplanlegging og fordeling av arbeidsmengda. SX250-designet er best eigna som den føretrekte løysinga for små og mellomstore havvindparkar, havvindparkar plassert i område med rolege eller moderate sjøtilstandar, eller i grunne farvatn. ULSTEIN SX250 er også eit ypparleg tilskot for å ta seg av dei ekstra vedlikehaldsaktivitetane som vanlegvis blir utført i sommarhalvåret.

Ordforklaring: OPEX (driftskostnader) dekker dei daglege utgiftene til å drive ei bedrift/drifte eit fartøy, medan CAPEX (kapitalutgifter) omhandlar investeringar i langsiktige eigedelar.

Ulstein

ULSTEIN SX250 er basert på TWIN X-STERN-løysinga, som gir høg operasjonsevne og utmerka sjøegenskaper. Skipet er 47 meter langt og 12,5 meter breitt. Det har plass til 32-40 personar (POB), har ei maksimal fart på 10 knop, og kan operere i forhold opp til 2 meter signifikant bølgehøgde.

Tryggleik er ein hovudprioritet, der personell og utstyr vert overført via ei korg i eit passasjertransportsystem (Offshore Passenger Transfer System (OPTS), Bring-to-Work-system), eller ved bruk av ein konvensjonell gangveg. 

Fleksible løysingar for dekksutstyr

Fartøyet kan bli tilpassa med ulike arrangement og dekksutstyr til ulike operasjonelle behov, som lett kan skiftast ut og erstattast for nye oppgåver. Konseptet er basert på eksisterande hyllevare og teknologiar for å sikre effektive W2W-operasjonar medan ein reduserer CAPEX og OPEX.

Avhengig av operasjonelle behov, kan ulike oppsett inkludere eit gangvegsystem for personell/varer, eit mindre fartøy (daughter craft), ein lagringskonteinar på dekk, ein arbeids- eller observasjons-ROV, eller ein hurtiggåande redningsbåt/arbeidsbåt.

ULSTEIN SX250 er designa for å møte behova til havvindserviceindustrien, og er ei kostnadseffektiv og allsidig løysing. Det er også meir miljøvennleg; Ved konstruksjonen av nybygget vert materialforbruket vesentleg redusert samanlikna med ein SOV, og tilsvarande gir det redusert drivstofforbruk når det er i arbeid. Den reduserte energibruken legg til rette for overgangen til nullutsleppsoperasjonar ved å mogleggjere integrering av alternative drivstoff.

Ved å redusere miljøavtrykket, svarer ULSTEIN SX250 på krava til industrien på meir berekraftige operasjonar. 

Ulstein

Fyll gapet i W2W-operasjonar med ULSTEIN SX250

ULSTEIN SX250 tilbyr ei smartare, meir fleksibel og berekraftig løysing for walk-to-work-operasjonar i offshore vind- og olje- og gassindustrien, og byggjer bru mellom CTV-ar og SOV-ar.

Ta kontakt om du vil vite meir om ULSTEIN SX250.

Ta kontakt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

11 03 25 YNO 321 hull arrival 10 37741379
Pressemelding

Neste TWIN X-STERN-skip: Bygginga av vindskip nummer to for BS Offshore i gong ved Ulstein Verft

Den 11. mars 2025 kom skroget til byggnummer (bnr) 321 for BS Offshore fram til Ulstein Verft. Dette markerer starten på ein ny fase i skipsbygginga. Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS for såkalla 'walk-to-work'-operasjonar (W2W) der personell går over ei rørslekompensert gangbru frå skipet til ein vindturbin.

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS