Island Performer in the fjord of Geiranger

2017: X-BOW® – På topp 3 av dei viktigaste norske innovasjonane

Då Aftenposten bad lesarane om å nemne dei viktigaste norske innovasjonane gjennom dei siste hundre åra, vart ostehøvelen stemt fram som nummer 3, skipsbaugen X-BOW som nummer 2, og barnestolen Tripp Trapp som nummer 1. Medan einaren og trearen på lista er hushaldsartiklar, er X-BOW ein design brukt i industrien.

Publisert
03 mars 2017
Del
  • The design seniors, Øyvind Gjerde Kamsvåg and Frode Sollid, represented Ulstein at the award ceremony.

Mange norske heimar har ostehøvlar og Tripp Trapp-stolar, og mange har difor eit tett forhold til desse to produkta. Det kom difor som ei overrasking at lesarane stemte fram industridesignet X-BOW som sin favoritt nummer to.

I juryen si grunngjeving vert det sagt følgjande om kvifor X-BOW enda i topp 3:

- X-BOW er tilpassa dei tøffe forholda i Nordsjøen. Baugen demonstrerer den innovative tenkinga i norsk skipsbygging, og er eit sterkt bidrag til den maritime historia. Baugen bidreg til at skipa kan takle alle typar vêrforhold, og framstår som eit trygt val. X-BOW er ein stor kommersiell suksess med meir enn 100 skip bestilt, dei fleste er allereie leverte og i arbeid over heile verda.


 

Aftenposten og DOGA sin konkurranse "Design i 100» vart initiert for å heidre eit breitt spekter av prosjekt innan norsk designhistorie, med det formål å bli meir medvitne på og stolte av norsk design. Konkurransen hadde som mål å synleggjere verdien i god design, no og for framtida.

Juryen plukka ut 100 kandidatar, baserte på kriteriar som kulturelle, historiske, økonomiske og samfunnsmessige verdiar, og også graden av innovasjon, form og estetikk, funksjonalitet og brukarvennlegheit. Ulike kategoriar vart vurderte. Meir enn 100.000 nordmenn stemte på sin favoritt.

- Eg ynskjer å takke alle som har stemt. Design er svært viktig for oss, og å bli framstemt som ein av folkets favorittar er heilt utruleg, seier Tore Ulstein, som er leiar for innovasjon i Ulstein.

Siste nytt

3 D image of the new trenching support vessel Jan De Nul ordered 2 2
Pressemelding

Jan De Nul kontraherer Ulstein Design & Solutions AS for design av subsea trenching-fartøy

Ulsteinvik, 10. mars 2026 – Jan De Nul har valt eit spesialframstilt fartøydesign frå Ulstein Design & Solutions AS til den nyaste utvidinga av offshoreflåten sin. Realiseringa av subsea trenchingfartøyet markerer ein milepåle i samarbeidet mellom to leiande maritime innovatørar. Fartøyet er planlagt levert i 2028.

Det grunnleggande designet byggjer på eit robust og globalt velprøvd subseafartøydesign.

Jonas Ulstein
Artikkel

Statsministerbesøk: Det som står på spel for norsk industri og kystsamfunn

Styreleiar Tore Ulstein, konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group og leiinga i Ulstein Verft, ønskte statsministeren velkomen til Ulstein torsdag 5. mars. I ei tid med rask omstilling, aukande geopolitisk uro og stor internasjonal konkurranse, var besøket frå statsministeren eit godt høve til å snakke om framtida for norske industrimiljø og lokalsamfunn langs kysten.