X Bow no 100 for Windea/Bernhard Schulte Offshore

Ulstein bygger to offshorevindfartøy

Ulstein Verft har inngått ein byggekontrakt med tyske Bernhard Schulte om to serviceoperasjonsskip (SOV) med ULSTEIN SX175-design utvikla av Ulstein Design & Solutions. Dei endelege detaljane for arrangement og utstyr på skipa har vorte utarbeidd i samarbeid med WINDEA Offshore GmbH & Co. KG, som er Bernhard Schulte sitt kompetansesenter for offshorevindprosjekt.

Leveringspresisjon var førsteprioritet for oss då vi skulle fastsetje kva byggjeverft vi skulle velje. Vi vurderte fleire verft over heile verda, og Ulstein Verft vart valet vårt. Dei har eit solid omdøme, ikkje berre på å halde leveringsfristar, men også på å levere innovative skip med høg kvalitet
(Matthias Müller, direktør for forretningsutvikling i Bernhard Schulte)

Christian Brozinski, sjef for forretningsutvikling i WINDEA, legg til: 
- Vi er glade for å fortsette prosjektet saman med ULSTEIN, og vi har no valt verftet deira etter å ha jobba tett og godt i designfasen saman med Ulstein Design & Solutions. ULSTEIN, WINDEA og Bernhard Schulte har samarbeidd som eitt designteam, og skapt eit fartøy som passar perfekt til behova i offshorevindindustrien,

Første frå Ulstein Verft til vindindustrien

- Berekraftig vekst ligg til grunn for utviklinga i ULSTEIN, og vi har også tidlegare utvikla og levert skipsdesign innanfor det fornybare energiområdet. Vi ser fram til samarbeidet med WINDEA, som er ein ny og spennande partnar for oss, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

- Dette vert dei første serviceoperasjonsskipa til vindindustrien som vert bygt ved Ulstein Verft. Skipa er nyutvikla, og har mange nye finessar. Vi er eit verft som er spesialiserte på å byggje avanserte prototypar, med eit sterkt miljø innan detaljdesign, integrasjon og prosjektstyring. Vi gler oss til å levere to førsteklasses skip i andre kvartal 2016 og første kvartal 2017, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft.

Skipa har innreiing for 60 personar i einmannslugarar, der 40 av desse lugarane vil verte nytta av  teknikarar som skal utføre vedlikehald på vindturbinane. Den viktigaste oppgåva til eit servicefartøy innan offshorevind er å halde seg i posisjon tett attmed turbinane, med minst mogleg rørsle, slik at teknikarane kan gå trygt frå skipet gjennom ein hivkompensert gangveg til turbinane.

Første med X-STERN 

Skipa er dei første av ULSTEIN SX175-designet, utvikla for å møte behova i offshorevindindustrien. Viktige innslag er den nye akterutforminga X-STERN og den velprøvde baugforma X-BOW®. Skipet kan leggje seg anten med X-BOW eller med X-STERN mot vêret, noko som aukar den tida skipet kan utføre operasjonelt arbeid. 

- Vi har hatt eit nært samarbeid med reiarlaget gjennom denne prosessen, og er svært nøgde med at WINDEA valte denne innovative løysinga, og at dei første fartøya med X-STERN no vert bygde, fortel Kolbjørn Moldskred, salsansvarleg for offshorevindfartøy i Ulstein Design & Solutions.

ULSTEIN X-STERN

ULSTEIN X-STERN er ei ny utforming av skipa sin akterende. Eit fartøy med X-STERN kan halde posisjonen med akterenden mot bølgjer, vind og straum sjølv under tøffe vêrforhold. For fartøy der best moglege rørsleeigenskapar er avgjerande, vil moglegheita til å plassere X-STERN i staden for baugen mot vêret vere kapteinen sitt naturlege val. 

X-STERN har fleire av dei same eigenskapane som X-BOW (sjå nedanfor). Som følgje av hekkforma og det innelukka akterdekket vert det ikkje kasta sjø inn på dekk. Utforminga reduserer akselerasjon, hiv og stamping, gir betre komfort og sikkerheit, og aukar det operasjonelle vindauget. 

First-X-STERN-being-mounted

ULSTEIN X-BOW

Når eit skip møter ei bølgje og startar å dykke nedover i sjøen, vil neddykkinga vere mjuk, og oppdrifta vil vere gradvis aukande. Det auka volumet og volumdistribusjonen til eit skip med ULSTEIN X-BOW vil gi redusert bølgjerespons og lågare fartstap i bølgjer, eller ein kan halde farta med redusert drivstofforbruk. Der vil ikkje oppstå bølgjerefleksjon eller slag i baugen.

Sjøprøve for neste havvindfartøy for BSO
Sea trial for next offshore wind vessel for BSO

Latest news