The Metric System's winner concept of the next 100 krone note, showing the Gokstad viking ship and the X-BOW hull line design from Ulstein.

X-BOW® på 100-kroneseddelen

X-BOW-designet er med på 100-kroneseddelen i Norges Bank sin nye seddelserie som vart lagt fram 22. november 2016.

Publisert
22 november 2016
Del

Hovudmotivet på 100-kroneseddelen er Gokstadskipet. Dette er Noregs største bevarte vikingskip. Skipet er bygd cirka år 900 og blei funne i ein gravhaug i 1880. I bakgrunnen skimtar du den norskteikna baugen X-BOW®, eit design frå Ulstein Design & Solutions AS.

Desse ulike båtkonstruksjonane vitnar saman om at evna og viljen til å finne nye, betre måtar å kome seg fram på, alltid har stått sentralt i norsk kyst- og næringsliv.

I vikingtida kunne ein med farkostar som Gokstadskipet segle langs heile kysten og ut i handel, sjørøveri, strid eller landnåm. I dag gir vikingskipet oss ei muligheit til å reise på heilt andre måtar. Vi kan segle tilbake til fortiden, og leve oss inn i våre forfedre si verd.

Som nordmenn ber vi med oss ei lang og rik historie i det å overleve langs kysten og ute på havet med fiske, handel og frakt – frå farmennene i sagatida fram til dagens internasjonale skipsfart." (Pressemelding frå Norges Bank)

The Metric System's winner concept of the next 100 krone note, showing the Gokstad viking ship and the X-BOW hull line design from Ulstein.

Tema: Havet

Åtte deltakarar deltok i banken sin konkurranse, der banken kåra The Metric System/Terje Tønnesen til vinnar.

Sedlane er planlagt utgitt 30. mai 2017, det året Ulstein Group vert 100 år.

Siste nytt

Jonas Ulstein
Artikkel

Statsministerbesøk: Det som står på spel for norsk industri og kystsamfunn

Styreleiar Tore Ulstein, konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group og leiinga i Ulstein Verft, ønskte statsministeren velkomen til Ulstein torsdag 5. mars. I ei tid med rask omstilling, aukande geopolitisk uro og stor internasjonal konkurranse, var besøket frå statsministeren eit godt høve til å snakke om framtida for norske industrimiljø og lokalsamfunn langs kysten.

Representantar frå Ulstein Power og Control i demolabben
Pressemelding

Ulstein Power & Control inngår kontrakt på systemleveransar til to kabelleggingsfartøy

Ulstein Power & Control har skrive kontrakt om levering av komplette, hybride kraft- og automasjonssystem til to kabelleggingsfartøy som skal byggast for OMS Group ved Ulstein Verft. - Dette er ein viktig kontrakt for oss og stadfestar vår posisjon som ein leiande leverandør av system for komplekse maritime operasjonar, seier administrerande direktør Peter Pilskog.